Skip to main content
Unknown Component
civid: 5c827ba037bdfdb80784db70
name: plugins_common_social_share (widget)
Stord

Tursti rundt Ådlandsvatnet

Tursti rundt Ådlandsvatnet
Flott utsikt frå turvegen rundt Ådlandsvatnet.
Turvegen er populær både til jogging og turgåing.
Turen rundt Ådlandsvatnet er 6 km
Ådlandsstranda ved Ådlandsvatnet og turvegen
Turveg ved Ådlandsvatnet på Stord
Tursti rundt Ådlandsvatnet
Ein av turstiane som fører til Ådlandsvatnet
Idyll ved Frugarden - i starten av Ådlandsvatnet tursti

Flott turveg på 6 km rundt Ådlandsvatnet på Stord. Passar for heile familien.

Flott turveg rundt Ådlandsvatnet. Ein del av vegen er på grus, noko på sti og noko på asfalt. Området er populært å jogge i.

Runden rundt Ådlandsvatnet er 6 kilometer. Ein del av vegen går like ved Ådlandsvatnet, medan noko av traseen er i skogsterreng. Flott grusveg stort sett heile vegen.

Det er lys langs vatnet frå kl 06 om morgonen til dagslyset kjem, og frå skumringa til kl 23.

Du kan starte på fleire stader.

Ved Frugardselva (like ved Stord kyrkje) kan du gå ca 800 meter oppover langs elva før du kjem til Ådlandsvatnet. Dette er ein idyllisk tur med fine naturopplevingar.

Parkering

Parkering under brua ved Stord kyrkje, ca 700 m frå Leirvik sentrum.

Løypa passar for heile familien.

Kilde: Region Sunnhordland

Tursti rundt Ådlandsvatnet

Sider du nylig har besøkt