Dynamic Variation:
Choose Language
Norway Now
Search
or search all of Norway
Åkra

Tursti til Åkrastølen

  • +47 53484280
  •  /  km From You
Overview
Details

Stad
Åkra.

Turkart
Topografisk kart Norge 1: 50 000 Kvinnherad - blad 1214 1.

Start- og sluttpunkt
Skogsbilveg i Åkra.

Parkering
Ta til venstre rett etter Åkra bru. Køyr 500 meter til P-plass (nedre) ved starten på skogsbilvegen. Mot bompengar kan ein køyra den omlag 3 km lange skogsbilvegen inn i Åkradalen til 450 moh. P-plass (øvre) ved vegenden. Skilt til Åkrastølen.

Merking
Informasjonstavle ved nedre P-plass.
Inga merking. Skogsbilveg, deretter god sti til Åkrastølen.
Skogsvegen er eigna for rullestol.

Gradering
Frå nedre P-plass:
Blå. Moderat krevjande, to støvlar etter DNT-systemet.

Høgdeskilnad
Frå nedre P-plass 80 - 650 moh.

Tidsbruk
Frå nedre P-plass 5 timar t/r.
Frå øvre P-plass 2 timar t/r.

Gode råd
Hugs bompengar. Lat att grindane.
Frå stølen kan ein gå opp på høgdene i nord med utsyn til Nautavatnet og Ingahogg.
Turen til Åkrastølen er og ein fin skitur.

Turomtale
Frå P-plass ved enden av skogsvegen følgjer ein tydeleg sti langs elva innover Åkradalen. Inne i dalen passerer ein Urene, der stien slyngjer seg mellom kampesteinar. Inst i dalen er ei lita trebru over elva, før Stølsbrekko. Oppe på kanten ligg Åkrastølen med tre stølshus. Dette er ein enkel familietur i eit vakkert dalføre med bekker og elvar, store steinar og den opne stølsvollen.

Rullestol:
Skogbilvegen er godt eigna for elektrisk uterullestol, og har fast grusdekke. Stien har ei stigning på 370 høgdemeter på 3 km, og har enkelte bratte parti. Ved øvre parkeringsplass går skogbilvegen over til sti. Fordel med kraftig elektrisk ute rullestol.


  • Last Updated:
  • Source: Samarbeidsrådet for Sunnhordland

Generelt

Vanskelighetsgrad
  • Lett
  • Middels
Landskap
  • Skogsområde

Utendørsaktiviteter

Fottur
  • Merkede turstier
  • Korte vandreturer (1-4 timer)

Facts

Effort Level
Medium
Duration
1-4 hours
Lansdscape
Forest area
Click to activate
Kvinnherad, Norway
The latitude and longitude
59° 47' 44" N / 6° 6' 3" E
TripAdvisor Reviews
Traveler Reviews in partnership with
Your Recently Viewed Pages
Ad
Ad
Ad