Skip to main content
Unknown Component
civid: 5c827ba037bdfdb80784db70
name: plugins_common_social_share (widget)
Ænes

Tursti til Ænesdalen

Denne turen går på god grusveg og er eigna for barnevogn, sykkel og motorisert rullestol. Delar av vegen går langs ei stilleflytande elv.

Stad

Ænes.

Turkart

Folgefonna nasjonalpark.

Start- og sluttpunkt

Ænes kyrkje.

Parkering

Ved Ænes kyrkje.

Merking

Informasjonstavle ved P-plassen. God grusveg utan merking. Starten går langs kyrkjegarden.

Gradering

Grøn. Eigna for barnevogn, sykkel og for motorisert rullestol.

Høgdeskilnad

40 – 100 moh.

Tidsbruk

Ænessætret 2 timar t/r.

Gode råd

Ved Hølen, der vegen går nær elva, kan ein studera dei spesielle Meandersvingane på den stilleflytande elva. Ænesdalen har ei av dei største hjortestammene i landet og elles eit rikt fugle- og dyreliv.

Turomtale

God grusveg 3 kilometer til Ænessætret. Setervegen går langs kyrkjegarden. Rullestol: Parkering ved kyrkja. Turen har ein bratt bakke i starten, elles flat og fin veg innover langs elva. For å komma heilt bort til sætrane bør ein ha ein kraftig elektrisk ute-rullestol.  

Kilde: Samarbeidsrådet for Sunnhordland

0

Tursti til Ænesdalen

Sider du nylig har besøkt