Dynamic Variation:
Offers
x

There was not an exact match for the language you toggled to. You have been redirected to the nearest matching page within this section.

Choose Language
Toggling to another language will take you to the matching page or nearest matching page within that selection.
Search & Book Sponsored Links
Search
or search all of Norway
Fjord Norway Sunnhordland Kvinnherad

Tursti til Bondhusvatnet/Bondhusdalen og Bondhusbrea

  • +47 53484280
  •  /  km From You
Overview
Details

Stad: Sunndal, Mauranger.

Turkart: Folgefonna nasjonalpark.

Start- og sluttpunkt: Bondhus.

Parkering: Frå Sunndal gjennom Bondhusbygda 500 m til P-plass ved inngangen til Bondhusdalen. Skilt ved riksvegen. OBS: Parker slik at vegen er framkomeleg for traktor.


Merking: Skilt og orienteringstavler er oppsette, men ruta er ikkje gjennomgåande merka.

Gradering: Bondhusvatnet: Grøn. Lett fottur, ein støvel etter DNT-systemet. Godt eigna for barnevogn, sykkel og motorisert rullestol. Bondhusbrea: Blå. Moderat krevjande, to støvlar etter DNT-systemet.

Høgdeskilnad: 60 – 190/320 moh.

Tidsbruk: 2 timar t/r Bondhusvatnet. 3 timar t/r inste enden av Bondhusvatnet. 4 timar t/r morenesletta (Vetledalen) under Bondhusbrea.

Gode råd: Stien kan vera delvis blaut opp frå Bondhusvatnet mot Vetledalen/Bondhusbrea.

Turomtale:
Frå P-plassen på god grusveg, Isvegen, til Bondhusvatnet 190 moh. Vegen vart bygd i 1863 for å frakta is frå Bondhusbrea ned til fjorden for eksport til utlandet, og er seinare vedlikehalden som ein uvanleg fin turistveg. Vidare er det sti langs vatnet og opp til Vetledalen 320 moh. der ein kjem nærare Bondhusbrea. For breklatring vert Bondhusbrea ofte nemnt som den flottaste i landet. Bondhusdalen er sentral i Folgefonna Nasjonalpark, og det er ikkje tilfeldig at det var nett her dronning Sonja opna Nasjonalparken 14. mai 2005. Sjå namnetrekk på stein ved Bondhusvatnet. Området har vore som ein magnet på turistar og fjellfolk sidan midt på 1800-talet.

Rullestol: Vegen frå parkeringplassen til Bondhusvatnet har fast grusdekke. Fleire grindar må passerast på turen, så hjelpar er nødvendig. Godt eigna for rullestol.


  • Last Updated:
  • Source: Samarbeidsrådet for Sunnhordland

Generelt

Tilgjengelighet
  • Tilgjengelig for rullestolbrukere
Vanskelighetsgrad
  • Lett
  • Middels
Årstid
  • Hele året
  • Høst
  • Vår
  • Sommer

Utendørsaktiviteter

Fottur
  • Merkede turstier
  • Korte vandreturer (1-4 timer)

Facts

Effort Level
Medium
Duration
2 timer, 3 timer, 4 timer
Season
Spring
Statens Kartverk, Geovekst og kommuner - Geodata AS
TripAdvisor Reviews
Traveler Reviews in partnership with
Your Recently Viewed Pages
Ad
Ad
Ad