Dynamic Variation:
Choose Language
Norway Now
Search
or search all of Norway
Herøysundet

Tursti til Brakhaug og Ørnnipen

  • +47 53484280
  •  /  km From You
Overview
Details

Stad
Herøysundet.

Turkart
Folgefonna nasjonalpark.

Start- og sluttpunkt
Ved Grendahuset i Bringedalsbygda.

Parkering
Ta av frå rikgsvegen i nord eller sør og følg bygdevegen til P-plass ved Grendahuset i Bringedalsbygda.

Merking
Informasjonstavle ved start.
Skilta og T-merka.

Gradering
Blå. Moderat fottur, to støvlar etter DNT-systemet

Høgdeskilnad
50 – 330 moh.

Tidsbruk
2 timar t/r.

Gode råd
Ein kan treffa på storfe på ei kort strekkje mellom Brakhaug og Ørnnipen, vis omsyn.
Sjå under turomtale om alternativ nedtur.

Turomtale
Følg hovudskogsvegen frå Grendahuset 500 meter delvis bratt opp lia til vegen flatar ut ved skogsvegskilje. Ta til venstre ved skilt mot Brakhaug og følg skogsvegen 200 m til ei bru. Like etter brua svingar stien til Brakhaug opp til høgre frå skogsvegen. På Brakhaug er det bord og benker, utsikt over bygda og Onarheimsfjorden.

Stien vidare til Ørnnipen går over på skogsveg som ein følgjer 500 meter fram til stien som fører litt ned og deretter opp på Ørnnipen. Her er også bord og benker, utsikt mot Rosendal, Tysnes og Stordfjella.

Som alternativ retur kan ein gå ruta som kjem ned i Bringedalsbygda 500 meter nord for parkeringsplassen ved Grendahuset. Stien går etter kvart ned ein bratt skogsveg. Ta til høgre 30 meter før bekk, over eit gjerde, og ned til bygdevegen.


  • Last Updated:
  • Source: Samarbeidsrådet for Sunnhordland

Generelt

Vanskelighetsgrad
  • Lett
  • Middels
Landskap
  • Skogsområde

Utendørsaktiviteter

Fottur
  • Merkede turstier
  • Korte vandreturer (1-4 timer)

Facts

Effort Level
Medium
Duration
1-4 hours
Lansdscape
Forest area
Click to activate
Kvinnherad, Norway
The latitude and longitude
59° 55' 1" N / 5° 48' 13" E
TripAdvisor Reviews
Traveler Reviews in partnership with
Your Recently Viewed Pages
Ad
Ad
Ad