
På denne turen kan du - ved klart ver - nyta fin utsikt over Husnes med Opsangervatnet, Halsnøy, Tysnes, og Stord.
Husnes
Folgefonna nasjonalpark.
Ved Husnes Vassverk tett ved fylkesvegen, 300 m nord for rundkøyringa ved Hellandsbrua, Husnes.
T-merkt og skilta
BLÅ – Moderat
25-460 moh
2 timar t/r i vanleg turtempo, pausar kjem i tillegg Turlengde fram: 3,1 km
Elva er drikkevasskjelde, vis omsyn. Frå Bremstølsvatnet kan ein følgja stiar vidare til Sundstølsvatnet, Svartavatnet, Manen og Englafjell. Ein kan også velja alternativ sti tilbake til bilvegen på nordsida av Hellandselva. På bilveg berre få hundre meter til turstart ved vassverket.
Gå over brua sør for vassverket, passér første sti-dele, og følg merkt sti gjennom skogsområde til Bremstølsvatnet. Fin utsikt over Husnes med Opsangervatnet, Halsnøy, Tysnes, og Stord. Bremstølsvatnet er eit turmål som ligg inne i DNT-appen SjekkUT.
For oppdatert turskildring, sjå www.ut.no.
Kilde: Region Sunnhordland