Tursti til Bremstølsvatnet frå Husnes

På denne turen kan du - ved klart ver - nyta fin utsikt over Husnes med Opsangervatnet, Halsnøy, Tysnes, og Stord.
Husnes
TurkartFolgefonna nasjonalpark.
Startpunkt og parkeringVed Husnes Vassverk tett ved fylkesvegen, 300 m nord for rundkøyringa ved Hellandsbrua, Husnes.
MerkingT-merkt og skilta
GraderingBLÅ – Moderat
Høgdeskilnad25-460 moh
Tidsbruk2 timar t/r i vanleg turtempo, pausar kjem i tillegg Turlengde fram: 3,1 km
Gode rådElva er drikkevasskjelde, vis omsyn. Frå Bremstølsvatnet kan ein følgja stiar vidare til Sundstølsvatnet, Svartavatnet, Manen og Englafjell. Ein kan også velja alternativ sti tilbake til bilvegen på nordsida av Hellandselva. På bilveg berre få hundre meter til turstart ved vassverket.
TuromtaleGå over brua sør for vassverket, passér første sti-dele, og følg merkt sti gjennom skogsområde til Bremstølsvatnet. Fin utsikt over Husnes med Opsangervatnet, Halsnøy, Tysnes, og Stord. Bremstølsvatnet er eit turmål som ligg inne i DNT-appen SjekkUT.
For oppdatert turskildring, sjå www.ut.no.
- Lett
- Hele året
- Brevandring
Kilde: Region Sunnhordland
Tursti til Bremstølsvatnet frå Husnes