Tursti til Dønhaug, rundtur frå båthavna






Dette er ein koseleg rundttur der du vert kjend med Uskedalsbygda. På turen passerar du beitande dyr og gamal, karakteristisk busetnad, og du kan stoppe ved badestranda og ta eit bad ein varm sommardag.
Uskedalen.
TurkartFolgefonna nasjonalpark.
StartUskedal Båthamn.
ParkeringVed Gamleskulen i sentrum. Stor P-plass med informasjonstavle for Uskedalen.
MerkingInga merking langs vegen. Skilt der det er nødvendig.
GraderingGrøn. Lett fottur. Store deler av traseen kan nyttast for barnevogn eller med motorisert rullestol.
Høgdeskilnad0 – 50 moh.
Tidsbruk1 time.
Gode rådAlternativ tilkomst til turvegen kan vera ved bensinstasjonen, campingplassen, Sparbutikken eller Uskedal skule. Det er bratt for rullestol og barnevogn opp frå Kjærlandsvegen til Dønhaug. Alternativt vegval her er å ta av til Dønhaug gardsbarnehage og bruka vegen som går på oppsida av gardsløa. Ver forsiktig ved kryssing av Rv 48.
TuromtaleFølg skilting frå båthamna. Lett turveg der ein går forbi badestrand, beitande dyr og gamal karakteristisk busetnad. Frå Dønhaug har ein stor og vid utsikt over bygda, Storsund, Skorpo og Hardangerfjorden. Ein tur for å bli kjent med Uskedalsbygda og naturen rundt.
Kilde: Region Sunnhordland
Tursti til Dønhaug, rundtur frå båthavna