Dynamic Variation:
Choose Language
Norway Now
Search
or search all of Norway
Sæbøvik

Tursti til Håfjellet

  • +47 53484280
  •  /  km From You
Overview
Details

Stad
Halsnøy, Ålamarkjo

Turkart
Fritidskartet Halsnøy/Fjelberg, målestokk 1:20.000.
Til sals hos Buketten, Sæbøvik. Eides Bensinstasjon, Eidsvik. Fjelberg Landhandel, Fjelberg.

Start-og sluttpunkt
P-plass ved Gravdalsvatnet, på vegen mellom Gravdal og Sjøvangen (Sjoango).

Parkering
Køyr gjennom rundkøyringa på Tofte og ta av mot Høylandsbygd. I krysset ved den krappe venstresvingen i Gravdal, ta av til høgre mot Sjøvangen. Køyr oppover den lange bakken og langs Gravdalsvatnet til liten P-plass på høgre side av vegen ved sørenden av vatnet.

Merking
Informasjonstavle ved P-plass. Skilta og T-merka.

Gradering
Blå. Lett fottur, ein støvel etter DNT-systemet. Rundløype.

Høgdeskilnad
80 - 220 moh.

Tidsbruk
1.5 time som rundtur t/r. Håfjellet.
3,5 time dersom lang rundtur om Tjodbergshaugen.

Gode råd
Delvis våt og fuktig sti, bruk eigna fottøy.

Turomtale
Frå P-plassen 100 meter på skogsveg opp til ei lita høgd der stien tek av mot venstre. Stien kjem opp til toppen frå nordaust. Frå Håfjellet kan alternativ retur vera ned mot aust til P-plassen, først på sti og så på skogsveg. Følg då merking mot Tjoberghaugen ned til stidele og så mot venstre til skogsveg. Frå der skogsvegen kjem ned på hovudvegen, er det om lag 200 meter nordover attende til P-plassen.

Stien til Tjodbergshaugen går sørvestover frå stidelet. Oppgangen til Tjodbergshaugen frå aust er bratt. Frå Tjodberghaugen kan ein gå den lange rundturen om skytebanen attende til P-plassen ved Gravdalsvatnet.
Bruk fantasien for å leggja opp interessante turar.


  • Last Updated:
  • Source: Samarbeidsrådet for Sunnhordland

Generelt

Vanskelighetsgrad
  • Lett
  • Middels
Landskap
  • Skogsområde

Utendørsaktiviteter

Fottur
  • Merkede turstier
  • Korte vandreturer (1-4 timer)

Facts

Effort Level
Medium
Duration
1-4 hours
Lansdscape
Forest area
Click to activate
Kvinnherad, Norway
The latitude and longitude
59° 46' 26" N / 5° 46' 44" E
TripAdvisor Reviews
Traveler Reviews in partnership with
Your Recently Viewed Pages
Ad
Ad
Ad