Dynamic Variation:
Choose Language
Norway Now
Search
or search all of Norway
Høylandsbygd

Tursti til Jamburfjell

  • +47 53484280
  •  /  km From You
Overview
Details

Stad
Halsnøy, Høylandsbygd.

Turkart
Fritidskartet Halsnøy/Fjelberg, målestokk 1:20.000.
Til sals hos Buketten, Sæbøvik. Eides Bensinstasjon, Eidsvik. Fjelberg Landhandel, Fjelberg.

Start-og sluttpunkt
P-plass på Berhaug, til venstre for hovudvegen mot Mjelkevik.

Parkering
Køyr gjennom rundkøyringa på Tofte og ta av mot Høylandsbygd. Følg hovudvegen forbi Høylandsbygd mot Mjelkevik. Om lag 200 meter etter oppkøyringa til Hauge skule, ta til venstre ved P-skilt for Radiohola og parker der. OBS: Gjer vel og parker slik at gardsvegen er framkomeleg for traktor.

Merking
Informasjonstavle ved P-plassen.
Skilta og T-merka.

Gradering
Blå. Moderat fottur, to støvlar etter DNT-systemet.

Høgdeskilnad
20 - 272 moh. til Jamburfjell.
20 - 291 moh. rundløype om Ramnakulten.

Tidsbruk
2 timar t/r Jamburfjell.
3 timar rundløype om Ramnakulten.

Gode råd
Ein del blaute parti, bruk eigna sko. Ta deg god tid for å oppleva historia ved Radiohola.

Turomtale
Gå over hovudvegen frå P-plassen og følg skilting til Radiohola. Frå Radiohola går stien opp sørvest til Kolheller. Skilt med informasjon på staden. Følg stien vidare til stidele med stien frå Hauge til Jamburfjell. Som alternativ retur frå toppen til P-plassen kan ein følgja stien ned til Hauge i staden for om Radiohola.

Dersom ein vil forlengja turen og gjera den til ein rundtur, kan ein følgja stien sørover 1 km til Ramnakulten. Dette er høgste punktet på Halsnøy med sine 291 moh. Herifrå kan ein gå tilbake samme vegen 500 meter, og så ta stien til høgre ved skilt direkte ned til P-plass. Sjå også omtale for Ramnakulten.


  • Last Updated:
  • Source: Samarbeidsrådet for Sunnhordland

Generelt

Vanskelighetsgrad
  • Lett
  • Middels
Landskap
  • Skogsområde

Utendørsaktiviteter

Fottur
  • Merkede turstier
  • Korte vandreturer (1-4 timer)

Facts

Effort Level
Medium
Duration
1-4 hours
Lansdscape
Forest area
Click to activate
Kvinnherad, Norway
The latitude and longitude
59° 46' 50" N / 5° 48' 34" E
TripAdvisor Reviews
Traveler Reviews in partnership with
Your Recently Viewed Pages
Ad
Ad
Ad