








Tur der du opplever vestnorsk høgfjellsnatur med utsikt mot storbre, fjordar, øyar og hav.
Nordrepollen, Mauranger.
Folgefonna nasjonalpark.
Jukla kraftstasjon.
Frå Nordrepollen 12 km på godt sikra anleggsveg med fast dekke, til P-plass ved Jukla kraftstasjon.
Informasjonstavle ved P-plass. God grusveg utan merking.
Grøn. Lett fottur, ein støvel etter DNT-systemet.
740 - 1200 moh.
3 timar t/r.
Ved høgste punkt på vegen før Juklavatnet bør ein leggja ein kort avstikkar opp og austover berga til NVE si anleggsbrakke. Fin nisteplass med storfelt utsyn.
Bilturen inn Maurangerfjorden og på anleggsvegen frå Nordrepollen til fjells, er ei oppleving i seg sjølv. Vegen har fast dekke og er godt sikra. Statkraft si vasskraftutbygging i Maurangerfjella er rekna for å vera den mest krevjande som er gjort i Noreg. Frå P-plassen forbi vegbom og på grusveg 4 km til Juklavatnet.
Sjeldan kjem ein så lettvint til vestnorsk høgfjellsnatur med utsikt mot storbre, fjordar, øyar og hav!
Kilde: Region Sunnhordland