Tursti til Juklavatnet









Tur der du opplever vestnorsk høgfjellsnatur med utsikt mot storbre, fjordar, øyar og hav.
Nordrepollen, Mauranger.
TurkartFolgefonna nasjonalpark.
Start- og sluttpunktJukla kraftstasjon.
ParkeringFrå Nordrepollen 12 km på godt sikra anleggsveg med fast dekke, til P-plass ved Jukla kraftstasjon.
MerkingInformasjonstavle ved P-plass. God grusveg utan merking.
GraderingGrøn. Lett fottur, ein støvel etter DNT-systemet.
Høgdeskilnad740 - 1200 moh.
Tidsbruk3 timar t/r.
Gode rådVed høgste punkt på vegen før Juklavatnet bør ein leggja ein kort avstikkar opp og austover berga til NVE si anleggsbrakke. Fin nisteplass med storfelt utsyn.
TuromtaleBilturen inn Maurangerfjorden og på anleggsvegen frå Nordrepollen til fjells, er ei oppleving i seg sjølv. Vegen har fast dekke og er godt sikra. Statkraft si vasskraftutbygging i Maurangerfjella er rekna for å vera den mest krevjande som er gjort i Noreg. Frå P-plassen forbi vegbom og på grusveg 4 km til Juklavatnet.
Sjeldan kjem ein så lettvint til vestnorsk høgfjellsnatur med utsikt mot storbre, fjordar, øyar og hav!
- Lett
- Høst
- Vår
- Sommer
- Brevandring
Kilde: Region Sunnhordland
Tursti til Juklavatnet