





Turen går på sti gjennom flott og gamal furuskog. Mot toppen får du utsikt i alle retningar, og heilt til topps ligg det ei kvilebu.
Husnes.
Folgefonna nasjonalpark.
P-plassen ved Kvinnherad Vidaregåande skule.
P-plassen ved Kvinnherad Vidaregånde skule.
Informasjonstavle ved start.
T-merka og skilta.
Blå. Lett, ein støvel etter DNT-systemet.
15 - 271 moh.
1,5 time t/r.
Sleipt og vått enkelte små parti, bruk gode sko.
Sjå også fleire rutealternativ til Kaldestadåsen under ruteorientering for Sunde.
Frå P-plassen opp til høgre forbi Kvinnherad vidaregåande skule. Følg sti i skogen og traktorveg litt til venstre like ovanfor KVV. Deretter på sti til høgre opp lia til møte med sti frå Kaldestad. Hald til venstre og følg stien til toppen.
Stien går gjennom fin, gammal fureskog. Du kan også oppleve eit variert og rikt fugleliv. Fine utsiktspunkt i alle retningar etter kvart som stien rundar rundt åsen. Kvilebu på toppen.
For oppdatert turskildring, sjå www.ut.no
Kilde: Region Sunnhordland