Skip to main content
Unknown Component
civid: 5c827ba037bdfdb80784db70
name: plugins_common_social_share (widget)

Utåker

Tursti til lysløypa i Tveitedalen

Turen til Tveitedalen er ein fin "ettermiddagstur"!

Stad

Tveitedalen, Utåker.

Turkart Folgefonna nasjonalpark.

Start- og sluttpunkt

"Ternebu" i Tveitedalen.

Parkering

Ved "Ternebu", skisenteret i Tveitedalen. Frå riksvegen tek ein av til Holmedal i vegkryss før nedkjøring til ferjekaien på Utåker. Ved nytt vegkryss etter 3 km går vegen 2,5 km nordover til skisenteret.

Merking

Informasjonstavle ved "Ternebu". Ikkje spesielt merka, men følgjer lysrekka rundt Bakkastølsvatnet.

Gradering

Grøn. Deler av rundturen kan gåast med barnevogn, i alle fall 1,2 km til inste brua.

Høgdeskilnad

Ruta er litt kupert.

Tidsbruk

1 time rundtur.

Gode råd

Første halvdel av løypa er eigna for barnevogn og rullestol. Fine badeplasser sommarstid. Vått ver krev gode sko over myrane midtvegs på turen.

Turomtale

Rundløype. Frå P-plassen følgjer ein lysløypa på høgre sida innover langs vatnet og elva, ca.1,2 km til inste brua. Over brua og tilbake langs vestsida av vatnet. Grillplass med bord og benker ved Tverrberg etter ca. 0,8 km.

Rullestol

Første del av rund løypa i Tveitedalen er godt eigna for elektrisk ute-rullestol, og har fast grusdekke fram til inste brua. Resten av løypa er ueigna for rullestol.

Last updated: 01/29/2024

Source: Samarbeidsrådet for Sunnhordland

Tursti til lysløypa i Tveitedalen

Sider du nylig har besøkt