Tursti til lysløypa i Tveitedalen






Turen til Tveitedalen er ein fin "ettermiddagstur"!
Tveitedalen, Utåker.
Turkart Folgefonna nasjonalpark.
Start- og sluttpunkt"Ternebu" i Tveitedalen.
ParkeringVed "Ternebu", skisenteret i Tveitedalen. Frå riksvegen tek ein av til Holmedal i vegkryss før nedkjøring til ferjekaien på Utåker. Ved nytt vegkryss etter 3 km går vegen 2,5 km nordover til skisenteret.
MerkingInformasjonstavle ved "Ternebu". Ikkje spesielt merka, men følgjer lysrekka rundt Bakkastølsvatnet.
GraderingGrøn. Deler av rundturen kan gåast med barnevogn, i alle fall 1,2 km til inste brua.
HøgdeskilnadRuta er litt kupert.
Tidsbruk1 time rundtur.
Gode rådFørste halvdel av løypa er eigna for barnevogn og rullestol. Fine badeplasser sommarstid. Vått ver krev gode sko over myrane midtvegs på turen.
TuromtaleRundløype. Frå P-plassen følgjer ein lysløypa på høgre sida innover langs vatnet og elva, ca.1,2 km til inste brua. Over brua og tilbake langs vestsida av vatnet. Grillplass med bord og benker ved Tverrberg etter ca. 0,8 km.
RullestolFørste del av rund løypa i Tveitedalen er godt eigna for elektrisk ute-rullestol, og har fast grusdekke fram til inste brua. Resten av løypa er ueigna for rullestol.
- Lett
- Hele året
Kilde: Region Sunnhordland
Tursti til lysløypa i Tveitedalen