

Malmangernuten er ein populær topptur. Den er lett tilgjengeleg og etter ein bratt tur på godt merka sti kan du nyte ei fantastisk utsikt over bygd, fjell og hav.
Rosendal
Folgefonna nasjonalpark. Rosendal Turgruppe sitt rutekart.
Fossberg, ved inngangen til Hattebergsdalen.
Følg vegskilt "Fossberg" frå vegdelet før Baroniet. P-plass på Fossberg ved inngangen til Hattebergsdalen.
Informasjonstavle ved P-plassen. Først på 2 km grusveg utan merking, deretter T-merka og skilta på sti opp Murabotnen.
Raud, middels krevjande, tre støvlar etter DNT-systemet.
150 – 890 moh.
5 timar t/r.
Ved stor vassføring kan bekken oppe i Murabotnen vera vanskeleg å passera. Noko bratt ovanfor bekken. Alternativ til retur same veg kan vera retur til stidele mot Guddal, eller stien frå Malmangernuten direkte ned til Rosendal. Sjå rutene "Malmangernuten frå Rosendal" og "Skeisfjell"
Frå P-plassen på Fossberg 2 km langs grusveg til dalbotnen. Stien går opp Murabotnen, og til høgre i stidele med Skeisfjell. Herfrå til stidele mot Guddal og vidare langs ryggen mellom Guddalsdalen og Hattebergsdalen ut til Malmangernuten. Utsyn til vassdrag og mektige fjellområde, bygder, fjordar og hav.
For oppdatert turskildring, sjå www.ut.no
Kilde: Region Sunnhordland