Uskedalen

Tursti til Manen frå Uskedalen

  • Besøk nettsiden

  • Send oss en epost

  • +47 53484280

Ein variert tur på skogsveg, sti, gjennom furuskog og til slutt på fast fjell. Du får ei fantastisk utsikt over Sunnhordland frå toppen.

Stad

Uskedalen.

Turkart

Folgefonna nasjonalpark.

Start- og sluttpunkt

P-plass ved Padlane på Eik.

Parkering

Ta av frå rv 48 ved brua over Eikeelva 2 km frå sentrum, retning Husnes. Følg Eikevegen 800 meter bratt oppover til liten P-plass der merkinga startar.

Merking

Informasjonstavle ved P-plassen. Skilta og T-merka.

Gradering

Raud. Noko krevjande, 4 støvlar etter DNT-systemet.

Høgdeskilnad

60 – 1014 moh.

Tidsbruk

5 timar t/r.

Gode råd

Kan vera myrlendt nokre stader. Bruk godt fottøy. Som alternativ nedtur kan ein gå mot Herøysundet eller Husnes, sjå oversiktskart.

Turomtale

Følg merkinga frå P-plassen, gjennom gardstun, opp skogsveg og inn på sti. Bratt i starten, men etter kvart lettare terreng gjennom gamal fureskog og over myrar. Deretter på fast fjell. Storslegen utsikt over Sunnhordland.

For oppdatert turskildring, sjå www.ut.no

  • Utfordrende

Kilde: Region Sunnhordland