Skip to main content
Unknown Component
civid: 5c827ba037bdfdb80784db70
name: plugins_common_social_share (widget)
Husnes

Tursti til Mjelkhaug frå Husnes

Tursti til Mjelkhaug frå Husnes

På denne turen får du utsikt over store deler av Sunnhordland, med havet og fjorden mot sør og vest, Manen, Englafjell og Rosendalsfjella mot nord, Ulvanosa mot aust.

Stad

Husnes

Turkart

Folgefonna nasjonalpark.

Startpunkt og parkering

Ved Husnes Vassverk tett ved fylkesvegen, 300 m nord for rundkøyringa ved Hellandsbrua, Husnes

Merking

T-merkt og skilta

Gradering

RAUD – Krevjande

Høgdeskilnad

25-1.005 moh

Tidsbruk

5 timar t/r i vanleg turtempo, pausar kjem i tillegg

Turlengde fram

4,8 km

Gode råd

Frå toppen bør ein ta turen bort til Mjelkhaugsteinen som ligg ca 300 meter aust for varden. Steinen er synleg frå havet og vart i gamle dagar nytta som seglingsmerke. Den er ca 12 m lang, 7 m brei og 7 m høg. Alternativ retur kan vera ned over Svaneheia til Vardhaugselet, og om Nordfjell attende til parkeringsplassen, eller vidare innover til Svartavatnet og ned via Bremstølen. Sjå også ruter frå Valen: www.tursti.kvinnherad.no

Turomtale

Gå over brua sør for vassverket, passér første sti-dele, og gå vidare til nytt sti-dele høgare oppe der ein tar til høgre på sti merkt Mjelkhaug. Etter kvart bratt opp Hellandslia til 600 moh. der lendet flatar ut før bratt opp mot Mjelkhaug. Derfrå er det utsikt over store deler av Sunnhordland, med havet og fjorden mot sør og vest, Manen, Englafjell og Rosendalsfjella mot nord, Ulvanosa mot aust.

Mjelkhaug er eit turmål som ligg inne i DNT-appen SjekkUT.

For oppdatert turskildring, sjå www.ut.no. 

Kilde: Region Sunnhordland

Tursti til Mjelkhaug frå Husnes

Sider du nylig har besøkt