Tursti til Myrdalsvatnet







Tur på god grusveg fem kilometer heilt fram til Myrdalsvatnet. Undervegs passerer du Midtseter der det var stølsdrift fram til 1968.
Rosendal
TurkartFolgefonna nasjonalpark. Rosendal Turgruppe sitt rutekart.
Start- og sluttpunktKletta.
ParkeringFølg vegskilt "Melderskin" frå Rosendal sentrum til P-plass ved stoppskilt på Kletta.
MerkingInformasjonstavle ved P-plass. God grusveg utan merking.
GraderingGrøn. Eigna for barnevogn, sykkel og for motorisert rullestol.
Høgdeskilnad160 – 374 moh.
Tidsbruk3 timar t/r.
Gode rådHugs fiskestanga. Ikkje nødvendig med fiskekort.
Robåtar er for utleige ved Myrdalsvatnet, kontakt Turistkontoret. Vatnet er fiskerikt, og ein dorgetur kan anbefalast. Då bør ein også ta seg tid til å gå i land på den fine stranda i inste enden av vatnet for å oppleva den spesielle villmarksstemninga der.
God grusveg fem kilometer heilt fram til Myrdalsvatnet. Etter fire kilometer passerer ein Midtseter der det var stølsdrift fram til 1968.
- Lett
Kilde: Region Sunnhordland
Tursti til Myrdalsvatnet