



Flott tur til Nordlifjell frå Rosendal.
Rosendal.
Folgefonna nasjonalpark. Rosendal Turgruppe sitt rutekart.
Bjørke.
Ved Kvinnherad kyrkje.
Informasjonstavle er oppsett ved snuplass 150 meter før vegbommen på Bjørke. Derfrå grusveg utan merking 3 km til skilt 100 meter før vegenden. Herfrå T-merka og skilta
Raud. Noko krevjande, 4 støvlar etter DNT-systemet.
100 – 972 moh.
6 timar t/r.
Frå Nordlifjell er det også T-merka sti ned til Myrdalsvatnet og langs vatnet til vassosen og grusvegen til Kletta. Sjå m.a. Rosendal Turgruppe sitt rutekart, og bruk fantasien for å setja saman interessante turar.
Frå P-plass ved kyrkja 500 meter til Bjørke. Derfrå grusveg utan merking 3 km til skilt 100 meter før vegenden. Herfrå er ruta T-merka først på skogsveg og så på sti til overgangen mot fjorden. Oppe på fjellryggen møter vi dei T-merkte rutene som kjem frå Vevik, Sjethaug, Åsvodl eller Kjeldestøl. Vidare langs fjellryggen til Nordlifjell.
Kilde: Region Sunnhordland