Tursti til Ramnakulten







Ta deg god tid på denne turen. Her er det fleire kulturminne underveg.
Halsnøy, Høylandsbygd
TurkartFritidskartet Halsnøy/Fjelberg, målestokk 1:20.000.
Start- og sluttpunktP-plass på Berhaug, til venstre for hovudvegen til Mjelkevik
ParkeringKøyr gjennom rundkøyringa på Tofte og ta av mot Høylandsbygd. Følg hovudvegen forbi Høylandsbygd mot Mjelkevik. Om lag 200 meter etter oppkøyringa til Hauge skule, ta til venstre ved P-skilt for Radiohola og parker der.
OBS: Gjer vel og parker slik at gardsvegen er framkomeleg for traktor.
MerkingInformasjonstavle ved P-plassen. Skilta og T-merka.
GraderingBlå. Moderat fottur, to støvlar etter DNT-systemet.
Høgdeskilnad20 - 291 moh. til Ramnakulten
Tidsbruk2 timar t/r Ramnakulten. 3 timar dersom rundløype om Jamburfjell.
Gode rådEin del blaute parti, bruk eigna sko. Fleire kulturminne undervegs, gi deg god tid.
TuromtaleGå over hovudvegen frå P-plassen og følg skilting mot Radiohola. Ta til venstre under kraftlina 200 meter før Radiohola. I stidelet mot Jamburfjell tek ein til venstre 500 meter sørover til Ramnakulten. Dersom ein vil forlengja turen og gjera den til ein rundtur, kan ein frå Ramnakulten gå tilbake 500 meter til stidelet og så 500 m til Jamburfjell. Ned til til P-plassen kan ein gå via Radiohola eller Hauge. Sjå også omtale for Jamburfjell.
- Lett
- Hele året
- Brevandring
Kilde: Region Sunnhordland
Tursti til Ramnakulten