Skip to main content
Unknown Component
civid: 5c827ba037bdfdb80784db70
name: plugins_common_social_share (widget)

Varaldsøy

Tur til Sandvikehorga

Ein flott tur for familiar - turen har lett stigning i ulendt terreng og går langs ei elv. Frå toppen får du god utsikt over Sunnhordland. Rasteplass ved start.

Stad

Varaldsøy.

Turkart

Noreg 1:50 000 blad 1215 11 Varaldsøy.
Folgefonna nasjonalpark.
Folgefonna - Hardangerfjorden.

Start- og sluttpunkt

Rasteplass ved Svartavatnet.

Parkering

Frå ferjekaien på Varaldsøy følg hovudvegen ca 1 km. Ta så til høgre i vegkrysset like etter bedehuset (stort kvitt hus på høgre side). Etter ca 500 meter ta til venstre ved skilt mot Øyerhamn og køyr 6 km til rasteplass ved Svartavatnet. Parker langs vegen ved rasteplassen.

Merking

Informasjonstavle ved startpunkt. T- merka og skilta.

Gradering

Blå. Moderat fottur, to støvler etter DNT- systemet.

Høgdeforskjell

290 - 535 moh.

Tidsbruk

2 timer t/r.

Gode råd

Skogsstien kan vera noko myrlendt, bruk høvelege sko.

Omtale

Frå rasteplassen på sti i vestleg retning langs ei lita elv. Første del av turen går i myr og småskog, med lett stigning i ulendt terreng. Siste halvdel er det ein del stigning på snaufjell. Dette er ein fin familietur med god utsikt utover Sunnhordland. Innover fjorden ser ein heilt til Ålvik.

Last updated: 01/29/2024

Source: Samarbeidsrådet for Sunnhordland

Tur til Sandvikehorga

Sider du nylig har besøkt