Dynamic Variation:
Choose Language
Norway Now
Search
or search all of Norway
Rosendal

Tursti til Skålafjell (Navarhaug)

  • +47 53484280
  •  /  km From You
Overview
Details

Stad Rosendal.
Turkart Folgefonna nasjonalpark. Rosendal Turgruppe sitt rutekart.
Start- og sluttpunkt Bjørke.
Parkering Ved Kvinnherad kyrkje.
Merking Informasjonstavle er oppsett ved snuplass 50 meter før vegbommen på Bjørke. God grusveg utan merking 1,5 km til Åsvodl der vegen flatar ut. Herfrå T-merka og skilta.
Gradering Blå. Lett, ein støvel etter DNT-systemet.
Høgdeskilnad 100 – 501 moh.
Tidsbruk 2 timar t/r.
Gode råd Frå Navarhaug er det T-merka stiar til Vevik, Skjethaug/Neslia, Kjeldestøl, Skåladalen/Ludnabekk, Nordlifjell og Myrdal. Sjå t.d. Rosendal Turgruppe sitt rutekart, og bruk fantasien for å setja saman interessante turar.
Turomtale Frå P-plassen ved kyrkja 500 m til Bjørke. Grusveg utan merking 1,5 km til Åsvodl der vegen flatar ut. Skilt her viser til T-merking. Først skogsveg 300 meter og deretter sti opp lia til toppen frå siste svingen på skogsvegen. Den store varden på Navarhaug er oppsett til Rosendal Turnlag sitt 100 års jubileum i 2001. Herfrå er det 360 graders utsyn til fjell og dalar, hav og fjordlandskap, og verdast 3. lengste fjord: Hardangerfjorden.


  • Last Updated:
  • Source: Samarbeidsrådet for Sunnhordland

Generelt

Vanskelighetsgrad
  • Lett
  • Middels
Landskap
  • Skogsområde

Utendørsaktiviteter

Fottur
  • Merkede turstier
  • Korte vandreturer (1-4 timer)

Facts

Effort Level
Medium
Duration
1-4 hours
Click to activate
Kvinnherad, Norway
The latitude and longitude
59° 59' 23" N / 6° 0' 21" E
TripAdvisor Reviews
Traveler Reviews in partnership with
Your Recently Viewed Pages
Ad
Ad
Ad