

Fjelltur der det også er kvilebu som er open for alle.
Husnes
Folgefonna nasjonalpark.
Ved Husnes Vassverk tett ved fylkesvegen, 300 m nord for rundkøyringa ved Hellandsbrua, Husnes
T-merkt og skilta
RAUD – Krevjande
25-770 moh
6 timar t/r i vanleg turtempo, pausar kjem i tillegg
6,0 km
Svartavatnet er drikkevatn for Halsnøy, Valen, Sunde og Husnes, så her er det ikkje lov å bada. Sjå også ruter frå Herøysund: www.tursti.kvinnherad.no
Frå Bremstølsvatnet følgjer ein sti på vestsida vidare via Sundstølsvatnet og innover i relativt flatt lende til Svartavatnet. Her er det kvilebu som er open for alle.
Frå Svartavatnet kan ein gå til Manen 1.013 moh., Englafjell 1.200 moh. eller ein rundtur til Mjelkhaug 1.005 moh. og derfrå ned via Vardhaugselet/Nordfjell eller Bremstølsvatnet.
Svartavatnet er eit turmål som ligg inne i DNT-appen SjekkUT.
For oppdatert turskildring, sjå www.ut.no.
Kilde: Region Sunnhordland