Tursti til Svartavatnet frå Husnes


Fjelltur der det også er kvilebu som er open for alle.
Husnes
TurkartFolgefonna nasjonalpark.
Startpunkt og parkeringVed Husnes Vassverk tett ved fylkesvegen, 300 m nord for rundkøyringa ved Hellandsbrua, Husnes
MerkingT-merkt og skilta
GraderingRAUD – Krevjande
Høgdeskilnad25-770 moh
Tidsbruk6 timar t/r i vanleg turtempo, pausar kjem i tillegg
Turlengde fram6,0 km
Gode rådSvartavatnet er drikkevatn for Halsnøy, Valen, Sunde og Husnes, så her er det ikkje lov å bada. Sjå også ruter frå Herøysund: www.tursti.kvinnherad.no
TuromtaleFrå Bremstølsvatnet følgjer ein sti på vestsida vidare via Sundstølsvatnet og innover i relativt flatt lende til Svartavatnet. Her er det kvilebu som er open for alle.
Frå Svartavatnet kan ein gå til Manen 1.013 moh., Englafjell 1.200 moh. eller ein rundtur til Mjelkhaug 1.005 moh. og derfrå ned via Vardhaugselet/Nordfjell eller Bremstølsvatnet.
Svartavatnet er eit turmål som ligg inne i DNT-appen SjekkUT.
For oppdatert turskildring, sjå www.ut.no.
- Lett
- Høst
- Vår
- Sommer
Kilde: Region Sunnhordland
Tursti til Svartavatnet frå Husnes