Dynamic Variation:
Choose Language
Norway Now
Search
or search all of Norway

Tursti til Svartavatnet - Husnes, frå Herøysund

  •  /  km From You
Overview
Details

Stad
Herøysundet.

Turkart
Folgefonna nasjonalpark.

Start - og sluttpunkt
Start: Ved Grendahuset i Bringedalsbygda.
Slutt: Ved skogsvegen i Onarheimslia 150 m nord for rasteplassen ved riksvegen på Husnes.

Parkering.
Ta av frå riksvegen i nord eller sør og følg bygdevegen til P-plass ved Grendahuset i Bringedalsbygda.

Merking
Informasjonstavle ved start.
Skilta og T-merka.

Gradering
Raud. Middels krevjande, tre støvlar etter DNT-systemet.

Høgdeskilnad
50 - 870 moh.

Tidsbruk
6 timar.

Gode råd
Svartavatnet er drikkevatn for Halsnøy, Valen, Sunde og Husnes, så her er det ikkje lov å bada. Bruk elles fantasien for å leggja opp turar om Storhaug, Nipen og Manen, sjå under turomtale.

Turomtale
Følg hovudskogsvegen frå Grendahuset 500 meter delvis bratt opp lia til vegen flatar ut ved vegskilje.Ta til høgre inn på tilgrodd skogsveg og følg denne opp til endes. Herfrå på sti opp gjennom gamal skog til stidele i tregrensa 500 moh. Frå stidelet kan ein ta ein kort avstikkar til Storhaug 586 moh. Derfrå er det og merkt rute vidare til Nipen og Manen. Ver obs. på bratte berg.

Ruta til Svartavatnet held fram i høgfjellsterreng med stein og berg til nytt stidele 870 moh. Herfrå kan ein gå til Manen 1013 moh. med rundtur attende til Storhaug. Til Svartavatnet 770 moh går ruta ned til høgre. Frå Svartavatnet langs elva i ein fin, open dal til Sundstølen med gamle stølstufter og eit idyllisk vatn. Vidare ned mot Bremstølen, 460 moh, som er eit mykje brukt turmål for heile familien. Stien gjennom skogen i Onarheimslia går etter kvart over i skogsveg ned til riksvegen. Sjå også eiga rute til Bremstølen frå Husnes.


  • Last Updated:
  • Source: Samarbeidsrådet for Sunnhordland

Generelt

Vanskelighetsgrad
  • Lett
  • Middels
Landskap
  • Skogsområde

Utendørsaktiviteter

Fottur
  • Merkede turstier
  • Korte vandreturer (1-4 timer)

Facts

Effort Level
Challenging
Duration
5-12 hours
Lansdscape
Forest area
Click to activate
Kvinnherad, Norway
The latitude and longitude
59° 55' 2" N / 5° 48' 12" E
TripAdvisor Reviews
Traveler Reviews in partnership with
Your Recently Viewed Pages
Ad
Ad
Ad