Tursti til Svelgabreen









Turen langs Blåelva er ei vandring i mektig fjellnatur. Gjennom irrgrøne beiteområde, langs sandbankar og blankskurt berg til den majestetiske isveggen
Blådalen. Sørspissen av Folgefonna.
TurkartFolgefonna nasjonalpark.
Start- og sluttpunktP-plass 150 m før vegenden i Blådalen.
ParkeringFrå Rv 48 køyr opp Omvikdalen og følg skilting 25 km til P-plass 150 m før vegenden ved kraftstasjonen Blåfalli IV i Blådalen. P-skilt er oppsett.
MerkingInformasjonstavle ved start. T-merka med vardar og skilt.
GraderingRaud. Middels krevjande, 3 støvlar etter DNT-systemet.
Høgdeskilnad720 - 900 moh. Turen har lite høgdeskilnad frå P-plassen til sluttvarden, men er noko varierande opp og ned undervegs.
Tidsbruk6 timar t/r.
Gode rådVed overløp frå Møsevatnet kan det vera vanskeleg å kryssa elva ned til Midtbotnvatnet. Gå då over brua ved Møsevassdammen. Sikringshytta i Kjerringbotnen er alltid open. Hengebrua ved Svelgen kan vera luftig for dei som reserverer seg ved høgder.
TuromtaleBilturen frå Omvikdalen til Matrekrysset og vidare på god anleggsveg med fast dekke, er ei oppleving i seg sjølv. Det er Sunnhordland Kraftlag As (SKL) som har stått for utbygging av Blådalsvassdraget. Sjå informasjonstavler som er oppsette langs vegen. Stien går bratt opp lia frå P-plassen, før den tek ned og innover langs Blåelva. Sjå alternativ under "Gode råd" ovanfor. Turen langs Blåelva er ei vandring i mektig fjell- og vassdragsnatur. Gjennom irrgrøne beiteområde, langs sandbankar og blankskurt berg, før vi etter kvart møter den majestetiske isveggen.
Gjennom store breportar fløymer vatnet ut, til nytte for eit energikrevjande storsamfunn. For å gå inn på breen må ein ha naudsynt utstyr og erfaring, men eit fullgodt alternativ er ei vandring i berga langs breen og elva. Her er mange flotte is- og bergformasjonar, og ikkje minst naturen sine gode lydar.
- Lett
Kilde: Region Sunnhordland
Tursti til Svelgabreen