Tursti til Tindaslottet


Ein flott topptur på 3-4 timar til Tindane på Fitjar. På toppen ligg den vakre steinhytta "Tindaslottet".
Fitjar
TurkartStord – Fitjar (1 : 50.000)
Start og sluttpunktVistvik på Fitjar
ParkeringParker ved E 39 på Vistvik
MerkingInformasjonstavle ved startpunkt. Skilta og merka med T.
GraderingRaud. Noko krevjande, fire støvlar etter DNT- systemet.
Høgdeskilnad30-595 moh.
Tidsbruk3 – 4 timar, rundtur.
TuromtaleTuren opp frå parkeringsplassen startar bratt på god skogsveg. Ved skilt til Tindane forlet ein skogsvegen på venstre sida og går over på sti. Stien er godt merkt, så her er lett å finna fram. På toppen av Tindane ligg "Tindaslottet", ei vakker steinhytte. Frå toppen er det utsikt over store delar av Sunnhordland. Like ved hytta ligg og ein "utedo", så mens ein sit her kan ein nyta utsikta. Turen ned att går du over Grønafjedlet og inn på stien frå Heio til Fitjar. Ein fylgjer denne ned til stikryss ved Svartavatnet. Ta til høgre og ned langs Kvednavatnet. I enden på vatnet møter ein skogsvegen som går ned att til Vistvik.
Oppdatert turskildring på ut.no.
- Lett
- Hele året
Kilde: Region Sunnhordland
Tursti til Tindaslottet