Sæbøvik

Tursti til Toftåsen

  • Det er skogsveg heilt opp til Toftåsen
  • Flott utsikt mot Eidsvik og Siggjo på Bømlo
  • Turen til Toftåsen og Åsatinget passar fint for alle generasjonar
  • Turløypa til Toftåsen og Åsatinget er godt merka
  • Mange gode motiv å ta bilde av når du er på tur
  • Fint å ta ein pause i bakken for å nyte utsikten
  • Mange leikeapparat er sett opp på Åsatinget
  • Hytta ligg flott til med utsikt mot Siggjo, Stord, Ranavik og med bålpanne og benkar
  • Åsatinget på toppen av Toftåsen er eit eldorad for store og små
  • Tau som hjelp i dei brattaste partia
  • Hytta ved Åsatinget er flott å ta ein pause i
  • Besøk nettsiden

  • Send oss en epost

Ein flott tur med god utsikt. På toppen er det fantastisk utsikt, leikeplass og flotte raste-moglegheiter - og ei hytte å sitte i!

Stad

Halsnøy, Tofte

Turkart

Fritidskartet Halsnøy/Fjelberg, målestokk 1:20.000

Start- og sluttpunkt

P-plass/tømmeropplagsplass ved søraustfoten av Toftåsen.

Parkering

Køyr gjennom rundkøyringa på Tofte mot Sæbøvik. Etter 40 meter ta av på veg opp mot høgre, rett etter opphøgt fotgjengarfelt. Vidare på bein veg mot Toftåsen. Følg skilting til parkering ved tømmeropplagsplass.

Merking

Informasjonstavle ved start. Skilta og T-merka.

Gradering

Grøn. Lett tur, ein støvel etter DNT-systemet.

Høgdeskilnad

65 - 195 moh.

Tidsbruk

1,5 time som rundtur.

Gode råd

Tur retur P-plassen går på skogsveg. Som alternativ kan du gå ein rundtur. Anbefalt retning er med urvisaren, men turen er fin også motsett veg!

Turomtale

Gå 200 meter attende frå P-plassen på vegen du kom, og ta inn på vegen til høgre. Følg denne vegen 500 meter til god sti opp til toppen. Opp mot toppen er det fleire stader å setje seg nedpå og nyte utsikten. Også på toppen er det særdeles fine rasteplasser. Her oppe på toppen finn du også Åsatinget - ein flott plass med leikemoglegheiter, gapahauk og til og med ei hytte. Her er det kjempeflott med sitjeplassar, fantastisk utsikt, bord med meir. Her er det også hjartestartar, bålpanne og sitjeplasser rundt denne ute. Utsikta er det berre å nyta, men pass på, det går bratt nedover rett utfor ved hytta.

Nedfart vidare på sti mot aust og skogsveg ned til parkeringsplassen.

Tau til å hjelpe seg med i dei mest utfordrande partia. Ein kan også gå vegen om "Solsiden" - ein sti på 800 m på sørsida av Toftåsen.

  • 1-4 timer
  • Lett

Kilde: Region Sunnhordland