Tursti til Trollåsen














Flott skogstur med historiske opplevingar undervegs.
Halsnøy, Sydnes
TurkartFritidskartet Halsnøy/Fjelberg, målestokk 1:20.000.
Start- og sluttpunktP-plassen ved Sydnes ferjekai.
ParkeringKøyr gjennom rundkøyringa på Tofte og ta av mot Sydnes. Følg vegen til Sydnes ferjekai og parker der.
MerkingInformasjonstavle ved start. Skilta og T-merka.
Gradering Blå.Lett fottur, ein støvel etter DNT-systemet.
Høgdeskilnad03 - 112 moh.
TidsbrukOpptil 4 timar. Lenger dersom mange stopp ved kulturminna i rundløypa langs vikane i sør.
Gode rådDette er ei relativt tørr rute, men våte parti kan førekoma. Ta gjerne rundturen om Skarvaberget, dei idylliske vikane Narravik, Hatlevik og Bekkjarvik. I dette omådet er uvanleg mange kulturminne. Stien kjem opp att til skogsvegen ovanfor Bekkjarvik.
Følg skilt og merking.
TuromtaleFrå ferjekaien opp forbi den nær 50 meter lange Langrøysa frå bronsealder som ligg berre 30 meter frå kaien. Stien kjem etter ca 250 meter opp til gardsveg. Ta av mot høgre og følg vegen 200 meter til skogsvegkryss. Ta til høgre for å gå rundturen om kulturminna og vikane nemnde under "Gode råd" ovanfor. Skogsvegen til venstre austover er snaraste vegen til Trollåsen. Gå då skogshovudvegen rett fram ved kryssande skogsvegar frå venstre.
Etter 1,2 km går ein forbi skilt for Bekkjarvik, og etter nye 300 meter på skogsvegen kjem ein til skilt for stien som fører kort opp til Lyhammarhelleren. Her var truleg buplass i steinalderen og er no ein ypperleg rasteplass. Følg merking frå helleren opp på heia og nordover til Trollåsen. Bilete, informasjon og segna om Trollåsen i boka på toppen. Frå Trollåsen kan du gå same vegen attende eller gå den merka rundløypa over rindane nordvestover og ned mot idylliske Dottatjørnane og skogsvegen attende mot Sydnes.
- Lett
- Hele året
- Brevandring
Kilde: Region Sunnhordland
Tursti til Trollåsen