Dynamic Variation:
Choose Language
Norway Now
Search
or search all of Norway
Arnavik

Tursti til Trollåsen

  • +47 53484280
  •  /  km From You
Overview
Details

Stad
Halsnøy, Sydnes

Turkart
Fritidskartet Halsnøy/Fjelberg, målestokk 1:20.000.
Til sals hos Buketten, Sæbøvik. Eides Bensinstasjon, Eidsvik. Fjelberg Landhandel, Fjelberg.

Start- og sluttpunkt
P-plassen ved Sydnes ferjekai.

Parkering
Køyr gjennom rundkøyringa på Tofte og ta av mot Sydnes.
Følg vegen til Sydnes ferjekai og parker der.

Merking
Informasjonstavle ved start.
Skilta og T-merka.

Gradering
Blå. Lett fottur, ein støvel etter DNT-systemet.

Høgdeskilnad
03 - 112 moh.

Tidsbruk
Opptil 4 timar. Lenger dersom mange stopp ved kulturminna i rundløypa langs vikane i sør.

Gode råd
Dette er ei relativt tørr rute, men våte parti kan førekoma.
Ta gjerne rundturen om Skarvaberget, dei idylliske vikane Narravik, Hatlevik og Bekkjarvik. I dette omådet er uvanleg mange kulturminne. Stien kjem opp att til skogsvegen ovanfor Bekkjarvik. Følg skilt og merking.

Turomtale
Frå ferjekaien opp forbi den nær 50 meter lange Langrøysa frå bronsealder som ligg berre 30 meter frå kaien. Stien kjem etter ca 250 meter opp til gardsveg. Ta av mot høgre og følg vegen 200 meter til skogsvegkryss. Ta til høgre for å gå rundturen om kulturminna og vikane nemnde under ”Gode råd” ovanfor.

Skogsvegen til venstre austover er snaraste vegen til Trollåsen. Gå då skogshovudvegen rett fram ved kryssande skogsvegar frå venstre. Etter 1,2 km går ein forbi skilt for Bekkjarvik, og etter nye 300 meter på skogsvegen kjem ein til skilt for stien som fører kort opp til Lyhammarhelleren. Her var truleg buplass i steinalderen og er no ein ypperleg rasteplass. Følg merking frå helleren opp på heia og nordover til Trollåsen. Bilete, informasjon og segna om Trollåsen i boka på toppen.

Frå Trollåsen kan du gå same vegen attende eller gå den merka rundløypa over rindane nordvestover og ned mot idylliske Dottatjørnane og skogsvegen attende mot Sydnes.


  • Last Updated:
  • Source: Samarbeidsrådet for Sunnhordland

Generelt

Vanskelighetsgrad
  • Lett
  • Middels
Landskap
  • Skogsområde

Utendørsaktiviteter

Fottur
  • Merkede turstier
  • Korte vandreturer (1-4 timer)

Facts

Effort Level
Medium
Duration
1-4 hours
Click to activate
Kvinnherad, Norway
The latitude and longitude
59° 44' 1" N / 5° 44' 17" E
TripAdvisor Reviews
Traveler Reviews in partnership with
Your Recently Viewed Pages
Ad
Ad
Ad