Dynamic Variation:
Choose Language
Norway Now
Search
or search all of Norway
Utåker

Tursti til Ulvanosa frå Utåker

  • +47 53484280
  •  /  km From You
Overview
Details

Stad:
Utåker.

Turkart:
Folgefonna nasjonalpark.

Start- og sluttpunkt:
”Ternebu” i Tveitedalen.

Parkering:
Ved ”Ternebu”, skisenteret i Tveitedalen.
Frå riksvegen tek ein av til Holmedal i vegkryss før nedkjøring til ferjekaien på Utåker.
Ved nytt vegkryss etter 3 km går vegen 2,5 km nordover til skisenteret.

Merking:
Informasjonstavle ved ”Ternebu”.
Skilta og T-merka frå ”Ternebu”

Gradering:
Raud. Noko krevjande. Fire støvlar etter DNT- systemet.

Høgdeskilnad:
200 – 1248 moh.

Tidsbruk:
3,5 timar opp, litt mindre ned.

Gode råd:
Mykje gange på grov stein krev gode sko. I den tida det ligg snøfonner på Høgetinden skal ein vera varsam med å bevega seg ut mot kanten, snøfonnene er ofte overhengande og kan rasa ut. Frå Høgetinden kan ein følgja merka rute ned til Uskedalen direkte, eller over Geitadalstinden. Sjå eigen turomtale.
Turomtale:
Frå P-plassen følgjer ein lysløypa (skogsveg) 1,2 km innover på høgre sida av Bakkastølsvatnet og deretter langs elva til inste brua. Ver nøye med å følgja lysrekka ved kryssande skogsvegar. Følg merkinga oppover under kraftlina og hald til venstre opp bakken. Frå enden av traktorvegen følgjer ein stien langs ryggen til stølshuset på Dyrrindo. Ta så til høgre opp bak hytta og følg T-merkinga. Ved vegdelet, ca. 800 moh, kan ein velje direkteruta mot toppen (sporadisk merka med små steinvardar) eller den T-merka ruta om Øktaredalsnuten med utsikt ned i Matersfjorden.

Frå toppen er det storslått utsyn til Etne- og Kvinnheradfjella, Folgefonna, Hardangerfjorden og fjellområda mot Bergen. Dei bratte fjellsidene ned mot Uskedalen er eit attraktivt klatreområde med ruter av alle vanskegrader, i solid granitt.


  • Last Updated:
  • Source: Samarbeidsrådet for Sunnhordland

Generelt

Vanskelighetsgrad
  • Lett
  • Middels
Landskap
  • Skogsområde

Utendørsaktiviteter

Fottur
  • Merkede turstier
  • Korte vandreturer (1-4 timer)

Facts

Effort Level
Expert
Duration
5-12 hours
Lansdscape
Mountain area
Click to activate
Kvinnherad, Norway
The latitude and longitude
59° 49' 5" N / 5° 54' 48" E
TripAdvisor Reviews
Traveler Reviews in partnership with
Your Recently Viewed Pages
Ad
Ad
Ad