Uskedalen

Tursti til Ulvanosa, Geitadalstinden og Høgetinden frå Uskedalen

  • Turvandrar på kanten av Ulvanosa-massivet med storslått utsikt over fjell og fjordar i Hardanger, på turstien frå Uskedalen mot Ulvanosa, Geitadalstinden og Høgetinden.
  • Hund på fjellryggen ved Ulvanosa i Hardanger, med utsikt mot Geitadalstinden og Høgetinden på den luftige turstien frå Uskedalen.
  • Alpin fjellrygg mellom Ulvanosa, Geitadalstinden og Høgetinden, sett frå turstien frå Uskedalen med lang utsikt over Hardanger sitt fjellandskap.
  • Bratte fjellsider og markante formasjonar på Ulvanosa-massivet i Hardanger, fotografert frå turstien mot Geitadalstinden og Høgetinden.
  • Besøk nettsiden

  • Send oss en epost

  • +47 53 48 42 80

Stad

Uskedalen



Turomtale

Ein går over brua og følgjer skogsvegen til venstre. Etter vel ein km kjem ein fram til Uskedalen elveeigarlag sin kalkestasjon. Herfrå går det sti oppover Galtaryggen. Dette var tidlegare krøterveg for å driva husdyr til setra oppe på Låganosa, 540 moh. Fleire stader kan ein sjå restane etter steintrapper. Oppe på Låganosa flatar terrenget ut, og langs bekken her er fine teltplassar.



Eit stykke ovanfor Låganosa kjem ein til eit vegskilje der ein anten kan ta turen over Geitadalstinden, eller til høgre direkte til Høgetinden.



Geitadalstinden er ein alpin fjelltopp som må frårådast for dei som ikkje liker høgder. Siste del av oppstiginga er bratt og luftig, gjerne kalla Mini-Besseggen. Her går det ei alternativ rute til høgre som er meir skjerma. Frå toppen er det storslegen utsikt i alle retningar. Ein kan nyta landskapet frå isbre til ope hav. Nordover kan ein sjå Bergensfjella, som t.d. Ulriken. Vågar ein seg ut på kanten, kan synet nesten ta pusten frå ein. Her er det stupbratt utsikt ned til Musland meir enn 1000 høgdemeter lenger nede. Dei bratte fjellsidene her er attraktive klatreområde.



For å koma frå Geitadalstinden til Høgetinden, følgjer ein T-merka rute 100 høgdemeter ned i skaret mellom toppane. Ein bruker ca 1 time frå topp til topp. Høgetinden, 1248 moh., er det høgste fjellet i distriktet som ligg så langt ut mot kysten, og har, som Geitadalstinden, storslegen utsikt.



Turkart

Folgefonna nasjonalpark.



Start- og sluttpunkt

Øvre Haugland, ved bru over Uskedalselva.



Parkering

Frå rv. 48 tek ein av på veg skilta mot Musland.

Etter ca 4 km er det P-plass ved bru over Uskedalselva mot høgre til skogsveg.



Merking

Skilt og informasjonstavle ved P-plassen.

Enkelte T-ar langs skogsvegen. Stien er T-merka frå kalkestasjonen.



Gradering

Svart. Krevjande, fire støvlar etter DNT-systemet.



Høgdeskilnad

80 - 1248 moh.



Tidsbruk

8 timar t/r.



Gode råd

Seint på sommaren, når snøen er smelta, kan det vera lite vatn å finna over 500 meter.

I den tida det ligg snøfonner på Høgetinden skal ein vera svært varsam med å bevega seg ut mot kanten, snøfonnene er ofte overhengande og kan rasa ut. Frå Høgetinden kan ein følgja den merka ruta ned til Tveitedalen, Utåker. Sjå eigen turomtale.


  • Sommer

Kilde: Destination Hardanger Fjord AS