Skip to main content
Unknown Component
civid: 585ab1ca6edcb1719ace3ae2
name: plugins_common_social_share (widget)

Kvinnherad

Tursti til Ulvanosa, Geitadalstinden og Høgetinden frå Uskedalen

Stad
Uskedalen

Turomtale
Ein går over brua og følgjer skogsvegen til venstre. Etter vel ein km kjem ein fram til Uskedalen elveeigarlag sin kalkestasjon. Herfrå går det sti oppover Galtaryggen. Dette var tidlegare krøterveg for å driva husdyr til setra oppe på Låganosa, 540 moh. Fleire stader kan ein sjå restane etter steintrapper. Oppe på Låganosa flatar terrenget ut, og langs bekken her er fine teltplassar.

Eit stykke ovanfor Låganosa kjem ein til eit vegskilje der ein anten kan ta turen over Geitadalstinden, eller til høgre direkte til Høgetinden.

Geitadalstinden er ein alpin fjelltopp som må frårådast for dei som ikkje liker høgder. Siste del av oppstiginga er bratt og luftig, gjerne kalla Mini-Besseggen. Her går det ei alternativ rute til høgre som er meir skjerma. Frå toppen er det storslegen utsikt i alle retningar. Ein kan nyta landskapet frå isbre til ope hav. Nordover kan ein sjå Bergensfjella, som t.d. Ulriken. Vågar ein seg ut på kanten, kan synet nesten ta pusten frå ein. Her er det stupbratt utsikt ned til Musland meir enn 1000 høgdemeter lenger nede. Dei bratte fjellsidene her er attraktive klatreområde.

For å koma frå Geitadalstinden til Høgetinden, følgjer ein T-merka rute 100 høgdemeter ned i skaret mellom toppane. Ein bruker ca 1 time frå topp til topp. Høgetinden, 1248 moh., er det høgste fjellet i distriktet som ligg så langt ut mot kysten, og har, som Geitadalstinden, storslegen utsikt.

Turkart
Folgefonna nasjonalpark.

Start- og sluttpunkt
Øvre Haugland, ved bru over Uskedalselva.

Parkering
Frå rv. 48 tek ein av på veg skilta mot Musland.
Etter ca 4 km er det P-plass ved bru over Uskedalselva mot høgre til skogsveg.

Merking
Skilt og informasjonstavle ved P-plassen.
Enkelte T-ar langs skogsvegen. Stien er T-merka frå kalkestasjonen.

Gradering
Svart. Krevjande, fire støvlar etter DNT-systemet.

Høgdeskilnad
80 - 1248 moh.

Tidsbruk
8 timar t/r.

Gode råd
Seint på sommaren, når snøen er smelta, kan det vera lite vatn å finna over 500 meter.
I den tida det ligg snøfonner på Høgetinden skal ein vera svært varsam med å bevega seg ut mot kanten, snøfonnene er ofte overhengande og kan rasa ut. Frå Høgetinden kan ein følgja den merka ruta ned til Tveitedalen, Utåker. Sjå eigen turomtale.

Last updated: 10/10/2023

Source: Destination Hardanger Fjord AS

Tursti til Ulvanosa, Geitadalstinden og Høgetinden frå Uskedalen

Sider du nylig har besøkt