


Tur der du får fin utsikt over sunnhordlandsnaturen, med Halsnøy, Stord og Bømlo.
Sandvoll
Folgefonna nasjonalpark.
Skarveland skule.
Mellom rv. 48 og Skarveland skule.
Informasjonstavle ved start. Inga merking langs skogsvegen. Skilt er sett opp der stien tek av frå skogsvegen, og derfrå er ruta merka med plastbrikker opphengde i trea.
Blå. Moderat krevjande, to støvlar etter DNT- systemet.
80 - 500 moh.
2 timar t/r.
Stien som avløyser skogsvegen kan vera blaut i starten. Bruk gode sko.
Gå opp gjennom byggefeltet Heio og ned til Erslandsvatnet. Følg skogsvegen langs Erslandsvatnet og opp lia til skilt ved vegenden. Derfrå tydeleg sti opp til Varden. Dersom du ønskjer ein kort tur i Sandvollsfjella, kan du leggja turen til Varden. Fin utsikt over sunnhordlandsnaturen, med Halsnøy, Stord og Bømlo.
Kilde: Region Sunnhordland