Varaldsøy

Tursti til Varden på Varaldsøy

  • Besøk nettsiden

  • Send oss en epost

  • +47 53484280

Frå Varden ser du desse fjella i nytt perspektiv; Melderskin, Gygrastolen og Juklavasskruna med Folgefonna i bakgrunnen gjer inntrykk på dei fleste.

Stad

Varaldsøy.

Turkart

Norge 1 : 50 000 blad 1215 ll Varaldsøy.
Folgefonna nasjonalpark.
Folgefonna – Hardangerfjorden.

Start- og sluttpunkt

Øvsthus, Fjellgardane.

Parkering

Frå ferjekaien på Varaldsøy følg hovudvegen mot Haukanes 4 km til vegkryss før nedkjøring mot fjorden. Herfrå 0,5 km opp til Øvsthus, der det er mogeleg å parkera ved garden. Gjer vel og parker slik at gardsarbeidet ikkje vert hindra og at vegen er framkomeleg for traktor. Avtal gjerne med folk på staden.

Merking

Informasjonstavle ved start.
T-merka og skilta.

Gradering

Blå. Moderat fottur, to støvlar etter DNT-systemet.

Høgdeskilnad

240 – 600 moh.

Tidsbruk

3 timar t/r.

Gode råd

Skogsstien kan vera noko myrlendt, bruk høvelege sko.
Ta omsyn til dyr på beite og hald grindane lukka.

Turomtale

Første del av turen går i nordleg retning på skogsveg opp bakkane. Frå skogsvegen kjem ein inn på stien til Varden ved skilt mot høgre. Stien vidare går i furuskog opp til 400 moh. og etter det i meir ope terreng.

Frå Varden er det godt utsyn både utover fjorden mot Sveio, og innover til Granvin. Herifrå ser ein også kvinnhersfjella i nytt perspektiv; Melderskin, Gygrastolen og Juklavasskruna med Folgefonna i bakgrunnen gjer inntrykk på dei fleste. På klåre dagar kan ein sjå like til havs.

  • 1-4 timer
  • Middels

Kilde: Region Sunnhordland