Dynamic Variation:
Choose Language
Norway Now
Search
or search all of Norway
Varaldsøy

Tursti til Volavatnet og Gruvene på Varaldsøy

  • +47 53484280
  •  /  km From You
Overview
Details

Stad
Varaldsøy.

Turkart
Noreg 1:50000 blad 1215 11 Varaldsøy.
Folgefonna nasjoanlpark.
Folgefonna - Hardangerfjorden.

Start- og sluttpunkt
Der vegen til gruvene startar.

Parkering
Frå ferjekaien på Varaldsøy følg hovudvegen ca 1 km. Ta så til høgre i vegkrysset like etter bedehuset (stort kvitt hus på høgre side). Etter ca 500 meter ta til venstre ved skilt mot Øyerhamn. Følg vegen ca 9 km til skogsveg på høgre side merka til Volavatnet og gruvene. Parker langs vegen.

Merking
Informasjonstavle ved startpunkt.
T- merka og skilta.

Gradering
Blå. Moderat fottur, to støvlar etter DNT- systemet.

Høgdeskilnad
240 - 360 moh.

Tidsbruk
2 timer t/r.

Gode råd
Ta deg tid til å gå litt på oppdagarferd i gruveområdet. Gruvene var den viktigaste arbeidsplassen på Varaldsøy i fleire periodar både på 1800 og 1900 talet. Spor etter svovelkis kan ein sjå igjen i bekkefara. Her er gamle husmurar, slagghaugar og gruvesjakter. Gruvesjaktene er sikra for publikum. Diverse orientering og skilting på staden.

Turomtale
Første delen av turen går på gamal grusveg til gruvene. Sti vidare til Volavatnet på høgre side ved første gruvesjakt. Gjennom myrlendt terreng med bekkefar ned til eit lite vatn, Kjøhølen. Følg sti mot venstre til Volavatnet. Dette er ein fin familietur i vakker Varaldsøynatur. Flotte bademulegheiter i Volavatnet.


  • Last Updated:
  • Source: Samarbeidsrådet for Sunnhordland

Generelt

Vanskelighetsgrad
  • Lett
  • Middels
Landskap
  • Skogsområde

Utendørsaktiviteter

Fottur
  • Merkede turstier
  • Korte vandreturer (1-4 timer)

Facts

Effort Level
Medium
Duration
1-4 hours
Lansdscape
Forest area
Click to activate
Kvinnherad, Norway
The latitude and longitude
60° 9' 9" N / 6° 0' 27" E
TripAdvisor Reviews
Traveler Reviews in partnership with
Your Recently Viewed Pages
Ad
Ad
Ad