Dynamic Variation:
Offers
x

There was not an exact match for the language you toggled to. You have been redirected to the nearest matching page within this section.

Choose Language
Toggling to another language will take you to the matching page or nearest matching page within that selection.
Search & Book Sponsored Links
Search
or search all of Norway
Fjord Norway Sunnhordland Sveio

Turstiar i Førde-bygda

  • Turistinformasjon Sveio Kommune, Sveio
  •  /  km From You
Overview

Førde bygdalag har opparbeidd eit nett av turstiar i sentrum av bygda. Samtlige er grusa og tilgjengelege med rullestol eller barnevogn.

Stad: Førde i Sveio kommune
Turkart: Sveio  (1 : 50.000)
Start og sluttpunkt: Ved parkeringsplass v E39 (markert med eit stort sverd i tre), eller ved gravplassen nede i bygda (forbi butikken og ned mot Kaien). Det er og mogleg å parkera ved kyrkja og starte herfrå.
Parkering: Ved E39 eller parkeringsplass ved den gamle gravplassen.
Merking: Informasjonstavle på parkeringsplassen ved E39 (kjem 2018). Pilskilt ved startpunkt.
Gradering: Grøn
Høgdeskilnad: 50 m
Tidsbruk: 
½ - 1,5 time, avhengig av kva rute ein vel.
Sesong: Heile året
Utstyr og påkledning: Joggesko/tursko
Turskildring:  Turvegnettet i Førde består av fleire samanhengande turvegar i sentrum av bygda.

Strandpromenaden, Elvastien, Lauvnesstien og Kyrkjestien
Turvegane går gjennom gammalt, frodig kulturlandskap med mange minne frå tidligare tider. Alle er tilgjengelege med rullestol og barnevogn. Start frå “Sidespranget” nedanfor butikken i sentrum, frå parkeringsplassen ved den gamle gravplassen, eller frå parkeringsplassen ved Strando. Ved Kyrkjestien finst rester av bygda sitt første kraftverk. Lauvnesstien går nordover frå badeplassen Strando og forbi Rex Garden, til byggjefeltet på Lauvneset.

Rex garden
Rhododendronparken er ein spesiell naturpark med mange tusen rhododendron og andre planter. Her er det òg treskulpturar av den lokale motorsagkunstnaren Kenneth Ravn Ottesen. Det er eit mylder av turstiar i parken. Ein del av dei er bratte og ikkje eigna for rullestol. Leikeplass øvst i parken.

Kjærlighetsstien
Denne stien ligg på vestsida av bygda.  Ta til venstre opp bakken rett før kafeen på kaien, følg turvegen langs sjøen og vidare opp mot hovudvegen.

Skilting: Pilskilt ved starten av stiane. Informasjonsskilt ved E39 kjem (2018).


  • Last Updated:
  • Source: Samarbeidsrådet for Sunnhordland
Statens Kartverk, Geovekst og kommuner - Geodata AS
TripAdvisor Reviews
Traveler Reviews in partnership with
Your Recently Viewed Pages
Ad
Ad
Ad