Dynamic Variation:
Choose Language
Norway Now
Search
or search all of Norway
Sveio

Turstiar i Førde-bygda

  • Turistinformasjon Sveio Kommune, Sveio
  •  /  km From You
Overview

Turstiar i Førde-bygda


Førde bygdalag har opparbeidd eit nett av turstiar i sentrum av bygda. Samtlige er grusa og tilgjengelege med rullestol eller barnevogn.


Elvastien, Lauvnesstien og Kyrkjestien: Turvegane går gjennom gamle, frodige kulturlandskap med mange minner frå tidligare tider.  Start frå “Sidespranget” nedanfor butikken i sentrum, ved kyrkja eller frå parkeringsplassen ved Strando. Ved Kyrkjestien finst rester av første kraftverket i bygda. Lauvnesstien går nordover frå Strando og forbi rhododendronparken Rex Garden, til det nye byggjefeltet på Lauvneset. I Rex Garden er det planta over 1000 rhododendron, og parken blir stadig utvida. Her kan nokre av stiane vera for bratte for rullestol.


Treskulpturane i parken er laga med motorsag av den lokale kunstnaren Kenneth Ravn Ottessen. Parken opna i 2014.


Kjærlighetsstien: Denne stien ligg på vestsida av bygda.  Ta til venstre opp bakken rett før kafeen på kaien, følg turvegen langs sjøen og vidare opp mot hovudvegen. Følg sykkelstien nordover, og vegen gjennom bygda ned att til utgangspunktet.


  • Last Updated:
  • Source: Samarbeidsrådet for Sunnhordland
Click to activate
Sveio, Norway
The latitude and longitude
59° 36' 34" N / 5° 28' 41" E
TripAdvisor Reviews
Traveler Reviews in partnership with
Your Recently Viewed Pages
Ad
Ad
Ad