Skip to main content
Unknown Component
civid: 5c827ba037bdfdb80784db70
name: plugins_common_social_share (widget)
Lom

Turtips: Olavsråket - rundtur frå Lom sentrum

20210804-04_08_2021_Olavsråket_Ragnhild (22)
2021_08_Olavsråket_oversiktsbilete_innteikna_Ragnhild-Produktbilder 650x380px
04_08_2021_Olavsråket_Ragnhild (3)-Produktbilder 650x380px
04_08_2021_Olavsråket_Ragnhild (15)-Produktbilder 650x380px
04_08_2021_Olavsråket_Ragnhild (38)-Produktbilder 650x380px
04_08_2021_Olavsråket_Ragnhild (34)-Produktbilder 650x380px
04_08_2021_Olavsråket_Ragnhild (21)-Produktbilder 650x380px
Vardar_Olavsråket_Reidar Marstein (2)-Produktbilder 650x380px

Ein flott rundtur frå Lom sentrum, med mykje historie, flott terreng og fantastisk utsikt til bygdene i dalen.

Olavsråket er ein tur i historiske omgjevnader, som kan gåast som ein rundtur frå Lom sentrum. 


Startpunkt: Tronoddbrua
Tid t/r: 4-6 timar
Lengde: 14,2 km


Turen startar ved Tronoddbrua og går fyrst opp til Tronoberget. Frå her er det merka stig vidare mot Olavsråket og turen går i kuppert terreng fram til Stavåsen, ei sæter i Lom. Du har god utsikt over Lom og Skjåk på denne turen, og går forbi små tjern, myrar og fjellvatn. 

På Stavåsen er det merka vidare nedover mot Ottaelva, og du fylgjer stigen langs vatnet attende til Lom sentrum. 

Det er ikkje ein krevjande og bratt tur, men merk at det er ein lengre tur og det kan vera lurt å ha litt god tid på seg. 


Historia om Olavsråket

Dette er ein tur med historisk sus! På Stavåsen møter ein nemleg på den gamle ferdselsvegen - det originale Olavsråket - som kjem over fjellet frå Lesja. I 2021 markerar vi at det er tusen år sidan Olav den heilage skal ha kome over denne ferdselsvegen for å spreie kristendomen til bygdene i Ottadalen. 

I videoen over har vi vore med Reidar Marstein på tur på ein del av det originale råket, og her går ein i spora til folk som kan ha gått her for over to tusen år sidan. 


Dette er ein sentrumsnær fjelltur, med mykje historie, flott natur og fantastisk utsikt mot bygdene i dalen. 

God tur! 






​​​​​​
​​​​​

Kilde: Visit Jotunheimen AS

Turtips: Olavsråket - rundtur frå Lom sentrum

Sider du nylig har besøkt