Skip to main content
Unknown Component
civid: 5c827ba037bdfdb80784db70
name: plugins_common_social_share (widget)

Lom

Turtips: Setervegen til fjells - fottur i Lom nasjonalparklandsby

Kulturstigen "Setervegen til fjells" til Skutlan og ned Myrskardet: Fottur i Lom nasjonalparklandsby.

Kulturstigen "Setervegen til fjells" til Skutlan og ned Myrskardet er ein variert og flott fottur i Lom nasjonalparklandsby.

Sjå Rondane i aust, Dovrefjell og Reinheimen i nord, Breheimen i vest og Jotunheimen i sør. Frå toppen Læshø kan du til og med sjå mot den høgaste toppen av dei alle, Galdhøpiggen på 2469 m.o.h.

Opp frå sentrum (Fossbergom) og til Skutlan kan du følge ein godt merka kulturstig kor du får du både ny kunnskap og morsomme tilleggsopplysningar om naturfenomen du treff på undervegs, kultur og historie, i tillegg til utsikta.

Frå rundkøyringa midt i sentrum går du ca 150 meter austover langs riksveg 15. Før du kjem til Fossheim Turisthotell tek du til høgre oppover Ulstadvegen. Midt i ein u-sving tek stigen av inn på jordet. Stigen dreier så rett oppover jordet og opp i trædet (inngjerda beitemark). Ta til høgre i stigdelet for å følge ruta opp mot Skutlan og Læshø. Stigen går bratt opp gjennom granskogen, og kjem forbi ein vasspost med drikkevatn. Stigen passerer tregrensa og går vidare til Skutlan (1070 m.o.h.).

I stigkrysset på Skutlan kan følge stigen ned att mot Myrskardet for å få ein fin rundtur. Flott utsikt mot Flåklypa og gardane i nedre Bøverdalen. I nord rager Storivilen (2068 m.o.h.). Ver klar over at du må gå eit lite stykke langs fylkesveg 55 (Sognefjellet) når du kjem ned att mot sentrum.

Kyr på beite: Merk deg at du langs stien ned mot FV55 går gjennom Andbergskjørre. Dette er innmarksbeite, der det går kyr med kalvar. Vis omsyn og ikkje kom for tett på dyra. Det er ikkje å anbefale å ha med hund på dette strekket.

Du kan variere ruta med desse alternativa:
- Lom – Skutlan – Læshø (1204) –Lom. Totalt tidsbruk: Ca. 4,5 timar
- Lom – Skutlan – Myrskardet – Lom. Totalt tidsbruk: Ca. 4 timar.
- Lom – Nonshaug – Lom. Totalt tidsbruk: Ca. 2,5 timar.

Sjå kart og meir informasjon her! 

Last updated: 08/07/2023

Source: Visit Jotunheimen AS

Turtips: Setervegen til fjells - fottur i Lom nasjonalparklandsby

Sider du nylig har besøkt