Skip to main content
Unknown Component
civid: 5c827ba037bdfdb80784db70
name: plugins_common_social_share (widget)

Lom

Turtips: Stetinden (2020 m.o.h.) frå Leirvassbu

FOTTUR TIL STETINDEN (2020 m.o.h): Toppen med sin «sorte knoll» er enkel å sjå frå Leirvassbu, og er ein av dei mest populære turane frå hytta.

Stetinden er eit fjell vest for Leirvatnet og Leirvassbu i Jotunheimen, med ei høgde på 2020 meter over havet. Toppen med sin «sorte knoll» er enkel å sjå frå Leirvassbu, og er ein av dei mest populære turane frå hytta.

Stad: Jotunheimen, Lom kommune 
Beste utgangspunkt: Leirvassbu turisthytte 
Lengde: 13 km tur-retur
Tid: 4-6  timar tur retur.
Stigning: Ca. 800 høgdemeter frå Leirvassbu
Vanskelegheitsgrad: Middels
Ver obs på: Bratt siste stykket opp til toppunktet. 

Stetinden ligg på grensa mellom mellom Lom kommune og Luster kommune.. Dette er ein flott utkikkstopp med vandring i ein del ur.

Ein topptur til Stetinden er ikkje spesielt krevjande dersom du har turisthytta Leirvassbu som utgangspunkt og taklar å gå i steinur. Heile turen tek normalt mellom 4-6 timar tur retur. 

Turen startar 1410 meter over havet ved Leirvassbu ved å følge anleggsveien nedover Gravdalen, i retning Skogadalsbøen ca. 3 kilometer. Tips: Om du har med deg sykkel, kan du sykle denne delen av turen, og parkere syklane der du tek av vegen mot Skogadalsbøen på sti. 

Etter at du har passert Gravdalstjønne og er inne på Gravdalspallen, tek du altså av vegen til høgre, og følger stien mot Skogadalsbøen eit lite stykke. Pass på at du ganske snart må sikte deg inn til høgre, mot bandet mellom Stehø og ryggen til Stetind. Herfra fortsetter ein vestover (til venstre) til sørtoppen og vidare langs ryggen. Deretter ut til høgre og vidare ut til toppunktet. Du skal altså følge fjellryggen heile vegen.

Turen byr på enkel klyving og ein del steinrøys. På avstand kan ryggen sjå ganske bratt og krevjande ut, men det løyser seg når ein kjem tettare innpå. Litt klyving må til, men det er ikkje så luftig eller utsatt som ein kan få inntrykk av på avstand. Gode sko med stiv og solid såle er smart. 

Vel oppe på toppen har du majestetisk utsikt til fleire av Smørstabbtindene, spesielt til Storebjørn (2222 moh.) og Tverrbottjønne rett nedanfor toppen. Retur same veg som du gjekk opp. 

Vintertur:
Stetinden er og ein populær topptur om vinteren, og har flott nedkøyring på tre sider. Dette gjer fjellet ypparleg som rundtur, der særleg nedkøyringa frå fortoppen - merka med 1985 moh. på kartet - ned til Tverrbyttjønne, er ein lite nytta moglegheit. Denne nedkøyringa går over ein liten isbre, og gjev nesten 650 høgdemeter fantastisk skikøyring.

Fylg kvista løype eit lite stykke nedover Gravdalen. Etter å ha passert Gravdalsfonni, tek du av til høgre oppover høgdedraga vest for Stehøe. Legg kursen mot bandet mellom Stehøe og Stetinden. Deretter fylges terrenget oppover i retning høgda som er merka med 1985 moh. på kartet, før du dreiar mot nordvest og den vesle fortoppen sør for sjølve hovudtoppen. Dei fleste sett skia att i skaret mellom fortoppen og hovudtoppen, då det siste stykket opp til hovedtoppen er bratt og har dårlig snødekning.

Nedkøyringa er best over breen mot nordaust, der ein primært fylger det slakeste terrenget ned mot Leirdalen. Er det stabile snøforhold kan du i større grad velje brattare nedkøyring. Best skikøyring får ein ved å fylge fall-lina heilt ned til vegen, men mange vel å traversere fjellsida på slutten for å korte ned attendemarsjen til Leirvassbu.

VIKTIG INFORMASJON
Kryssing av elv: Om våren blir elva Leira kryssa av mange, ofte på små områder der det ligg att snø. Snøsituasjonen nede i dalen varierer frå år til år, og det er difor uvisst kor lenge dette er forsvarleg. Det er viktig å gjere grundige vurderingar før du kryssar eit snøfelt over elva. Er du i tvil, vil ein omveg vere beste alternativ.

Parkering: Skagsnebb, Bakarste Skagsnebb, Veslbreatinden, Storbreahøe og Veslfjelltinden er turar som startar ved Geitsetre, og kryssing over Geitbrua. Geitsetre ligg ca. 5 km inn i Leirdalen etter avkøyring frå fylkesveg 55, Sognefjellsvegen. Det er normalt gode greit å parkere på vegskuldra og naturelge «lommer» i terrenget.

Meir info? Du finn fleire turtips i boka «På tur – Leirvassbu». Kart med innteikna ruter får du kjøpt på Leirvassbu.

Last updated: 06/26/2023

Source: Visit Jotunheimen AS

Turtips: Stetinden (2020 m.o.h.) frå Leirvassbu

Sider du nylig har besøkt