Dynamic Variation:
Book
Norway Now
Choose Language
Search & Book
Search
or search all of Norway
Southern Norway Setesdal Valle

Turveg til Gloppefoss i Valle

  • +47 37937529
  •  /  km From You
Overview
Details

Gloppefoss er ein av dei høgste fossane i Setesdal. Vassføringa er stor heile sommarhalvåret.

Få med deg denne storarta naturopplevinga. Gloppefoss er ein av dei høgste fossane i Setesdal. Vassføringa er stor heile sommarhalvåret. Vi kan såleis garantere at fossen er sjåverdig i turkeperiodar også.

Frå RV 9. er det merka tursti inn Veiåjuvet til Gloppefoss. Det er storslagen natur med høge fjell på båe sider. I dalbotnen renn elva Veiåne. Det tek om lag 2 timar å gå inn til fossen. Ein skal krysse elva fleire gonger, og normalt er det ikkje problematisk, då elva ikkje er djup.
Etter langvarig regnvêr aukar vassføringa kraftig, og ein lyt vurdere om kryssing av elva er trygt. Ved normale vêrtilhøve høver turen godt for familiar med born.

Parkering skal skje ved riksveg 9. Fyrste del av turen går på god grusveg. Frå snuplassen går ein vidare på god traktorveg. Vegen fylgjer vassdraget innover Veiåjuvet, og det er ein storarta naturoppleving. Det er ikkje hytter eller hus i området. Du treng ikkje kart for å ta turen, då vegen er lett å finne og fylgjer dalføret og vassdraget.

Fakta:
Stien startar om lag 9 km nord for Valle sentrum, like nord for Lunden Camping.
Varighet: om lag 2 timar ein veg.
Passar for: Familiar. NB! i perioder med mykje regn må ein vurdere vassføringa før kryssing av elva.
Parkering: Utanfor bommen ved RV 9.
Søppel: Tek du sjølvsagt med deg.
Båltenning er strengt forbode! Tak med niste.


  • Last Updated:
  • Source: Setesdal

Generelt

Vanskelighetsgrad
  • Utfordrende
  • Lett
Landskap
  • Skogsområde
  • Fjellområde
Årstid
  • Høst
  • Vår
  • Sommer

Utendørsaktiviteter

Fottur
  • Merkede turstier
  • Korte vandreturer (1-4 timer)

Facts

Effort Level
Medium
Duration
4 timer
Landscape
Mountain area
Season
Autumn
TripAdvisor Reviews
Traveler Reviews in partnership with
Your Recently Viewed Pages
Ad
Ad
Ad