Espevær

Ufo-ringen på Espevær

  • Besøk nettsiden

  • Send oss en epost

For over 40 år sidan oppdaga ein plutseleg ein oval ring ute på eit område på øya Espevær ved Bømlo. Heilt fram til i dag kan ingen kunne svare sikkert på korleis ringen har oppstått.

Det har vore mange forslag på korleis UFO-ringen blei til. Som for eksempel at den har oppstått ved at ein har leika her, det kan vere motorsykkel, sopp eller sågar kaniner som har laga han!

Mange meiner også at dette er avtrykket av ein Ufo.

Tursti til Ufo-ringen

Det går flott tursti til Ufo-ringen. Denne er godt merka. Turen dit tek ca 15-20 minutt til fots.

Det er viktig med gode tursko då det kan vere ein del våte parti på stien.

Ved Ufo-ringen er det sett opp bord med benker og spennande steinfigurar. Ein flott plass å ta ein rast!

    Kilde: Region Sunnhordland