











Nyt livet ved Ulvesund fyr, som har hjulpet båtar å finne vegen heim sidan 1870
Ulvesund fyr ønskjer deg hjartelig velkomen til ei oppleving for livet. Her kan du overnatte både innandørs og utandørs, med havet og fyret som nærmaste nabo.
Ulvesund fyr ligg i Ulvesundet ved Hjertenes, om lag 10 km frå Måløy.
Gjestane på Ulvesund fyr søv godt til lyden av bølgeskvulp og fuglekvitter. Her er til saman fire rom / eininga som vert leigd ut, med totalt 15 sengeplassar + nokre ekstrasenger. Det er to familierom på fyrloftet, og to "hytter" i tunet. Romma vert leigd ut som familierom, dobbeltrom eller singelrom etter behov.
I tillegg til overnatting i huset er det også mogleg å overnatte i hengekøyer i fyrnaustet, eller ein kan slå opp telt i fyrhagen.
Om sommaren er det frukostbuffet og oppreidd seng inkludert i døgnprisen. I vinterhalvåret gjeld andre betingelsar.
Om sommaren kan du nyte god mat og drikke i fyrkaféen, som også vert kalla ein kreativ fyrkafé. På menyen står heimelaga mat. Fiskesuppa seiast å vere "utruleg god" og er ei sjølvkomponert, glutenfri suppe som vert servert med heimebakte rundstykker. Her kan du også få servert heimelaga sagt og syltetøy, heimebakte rundstykker og nysteikte vaflar m.m. Kaféen etterstrebar å ha glutenfrie og laktosefrie alternativ.
Kilde: Visit FjordKysten og Sunnfjord