Dynamic Variation:
Offers
x

There was not an exact match for the language you toggled to. You have been redirected to the nearest matching page within this section.

Choose Language
Toggling to another language will take you to the matching page or nearest matching page within that selection.
Search & Book Sponsored Links
Search
or search all of Norway
Nordfjord Vågsøy

Ulvesund Fyrkafé

  • +47 57851777
  •  /  km From You
Overview
Details

Kafeen er open nokre dagar i påska, og deretter i sommarsesongen. Frå midten av juni til midten av august er det ope kvar einaste dag. Opningstida er 13-18. Middag kan bestillast på førehand.  Utanom påskekafe og sommarkafe tek kafeen imot små eller større grupper for servering, forteljarstund, minikonsert og/eller kreative aktivitetar, alle dagar etter avtale. 

Ulvesund tilbyr også overnatting, sjekk det ut her. 

Kafeen finn du i dei tre stuene og gamlelykta, med tilsaman rundt 35 sitteplassar. Gamlelykta er ein ynda plass å innta fiskesuppe eller kaffe. Der er det plass til 5-6 personar. Utsikta ned mot den nye, automatiserte lykta, og ut mot Sildagapet, Stadt, Silda og båttrafikken er unik. Også for dei som likar å utfalde seg kreativt, er gamlelykta spesiell.

For ein liten slant kan ein låne teikne- og maleutstyr. Her kan det malast, teiknast og diktast. Mange barn synest det er spennande å sitte her og telje passerande båtar.I tillegg til malesaker, kan ein også låne musikkinstrument og spel. Fyrets lappeteppe kan gjestene våre meir enn gjerne strikke på. Ute kan ein finne disse (huske), hengekøye m.m. Om nokon skulle kjede seg, er det berre å spørke om aktivitets-forslag.

Menyen inneheld vanlegvis:

Svele med fyrets rips-gele, natronkake, kanelbollar, kaker av frukt/bær med is attåt, dagens middag (grupper må bestille på forhånd), is med lun bær-saus m.m.

Ulvesund Fyrcafé likar å servere sunn, heimelaga og fargerik tradisjonsmat, i hovudsak tilberedt av frukt, bær og urter frå fyrhagen og fisk frå havet utanfor fyret.

Du kan få kjøpt fyrsaft i flasker og fyrgele og syltetøy på glas. Kaffe- og te-menyen vår er variert. Det selgast 4 sortar kaffe og rundt 20 sortar te i lausvekt, og serverer også desse i kafeen. I tillegg gammaldagse drops og eksklusive små-sjokoladar i lausvekt.

Ligg på Hjertenes på fastlandssida rett overfor Raudeberg. Følg skilt mot Måløy, men ta av mot Osmundsvåg rett før Måløybrua.

Overnatting, utleige, kafé, kurs og kultur. Kunstutstillingar og sosiale beitande "fyrgeiter". God parkering. Lett tilgjengeleg. Svært familievenleg.

Flotte turmoglegheiter i området.Det er mogleg for småbåtar å legge til ved molo i Osmundsvåg med ca 8 min. gange til fyret frå moloen.


  • Last Updated:
  • Source: Visit Nordfjord

Generelt

Landskap
  • Kystområde
Årstid
  • Sommer

Overnatting

Hotellfasiliteter
  • Familievennlig

Utendørsaktiviteter

Aktiviteter
  • Jakt og fiske
  • Havfiskeri
Vinteraktiviteter
  • Alpint

Planlegg reisen

Reiseinformasjon
  • Parkering
Tjenester
  • Familievennlig

Aktiviteter

Shopping
  • Smykker
  • Souvenirbutikker
Fornøyelsesparker
  • Familievennlig

Opening hours

24. juni 2018 – 12. aug. 2018
sø. 13:00–17:00
ma. ti. on. to. fr. lø. 13:00–18:00
See All

Facts

Season
Summer
Statens Kartverk, Geovekst og kommuner - Geodata AS
TripAdvisor Reviews
Traveler Reviews in partnership with
Your Recently Viewed Pages
Ad
Ad
Ad