Ulvik

Ulvik Frukt & Cideri

  • Eplebønder frå Ulvik Frukt & Cideri nyt våren i Hardanger sin vakre frukthage.
  • Skilt som viser vegen til gardsutsalet hos Ulvik Frukt & Cideri, med turistar på veg inn i frukthagen.
  • Tre glade besøkande går gjennom epleblomstringa hos Ulvik Frukt & Cideri i Hardanger.
  • Ei spektakulær utsikt over Hardangerfjorden frå Ulvik sin blomstrande frukthage.
  • Hardanger-sider frå Ulvik – handlaga med kjærleik og tradisjon, servert med ein fantastisk fjordutsikt.
  • Lokalprodusert sider og eplejuice frå Ulvik – rein smak av Hardanger.
  • Besøk nettsiden

  • Send oss en epost

  • +47 91 10 22 15

  • Apalvegen 78

    Ulvik, Vestland

    Vis i kart

Ulvik Frukt & Cideri er den fyrste av tre gardar langs den einaste frukt- og siderrruta i Noreg. Garden byr på omvisingar og lokale smakar i form av eplesaft, sider og andre smakfulle gleder.

Ulvik Frukt & Cideri er ei familiebedrift på garden Hakastad. Garden ligg sørvendt og solrikt midt i fruktbygda Ulvik i Hardanger. ”Den gode eplesmaken” er basis for alle produkta deira.

Målet til garden er å utvikla ei bedrift som er tufta på kvalitet, kultur og kompetanse. Dei dyrkar dei vanlege eplesortane, men har i tillegg planta fleire gamle eplesortar og nokre engelske/franske sidersortar.

Med utgangspunkt i dette sortsutvalet, kan Ulvik Frukt & Cideri tilby ulike smaksvariasjonar av eplejuice og sider spesielle for garden Hakastad.

Prøv eplejuice og sider til ulike matrettar!





På garden er det høve for omvising i produksjonslokala med smaksprøvar, samt ein hyggjeleg handel i gardsbutikken.




  • Hele året

Kilde: Destination Hardanger Fjord AS