Undredal Stavkyrkje


Undredal Kyrkje er ei bordkledd stavkyrkje frå 1147 - og skal vera den minste i Skandinavia som endå er i bruk.
Ljosekrona med dei fem utskorne dyrehovuda er truleg frå middelalderen.
Kyrkja har 40 sitjeplassar og er ein av dei få kyrkjene i landet der ein står inne på kyrkjegolvet og ringjer med kyrkjeklokkene. På 1600-talet vart veggene dekormåla med rankar og det tønnekvelva taket med stjerner, figurar, fabeldyr og ulike symbolske teikn.
I 1722 var det ei større ombygging av kyrkja og i 1962 vart den restaurert.
Fakta: Ei einskipa stavkyrkje. Svalegang er nemnt i 1665, men ikkje påvist. Spor i veggen visar at det har vore galleri i skipet, seinare også i tilbygget mot vest, det siste ved 1860-talet. Lysekrona med fem utskårne hjortehovuder, truleg frå middelalderen.
Kyrkja er open 15. april - 30. September
Guida omvisning i kyrkja kvar dag kl. 11:00 og 18:00
120 kroner per person
Omvising for grupper også etter avtale utanom sesongen.
Kilde: Visit Sognefjord AS
Undredal Stavkyrkje