Voss

UNESCO Stalheim - Nåli, Wild Voss

  • Besøk nettsiden

  • Send oss en epost

  • 93 48 40 41

  • Vangsgata 28

    Voss, Vestland

    Vis i kart

Bli med på ein unik fottur i hjarta av Nærøyfjorden verdsarvpark, eit av dei mest spektakulære fjordlandskapa i verda. Turen følgjer gamle ferdselsvegar mellom Stalheim og Nåli, der du går gjennom frodig vestlandsnatur, forbi bratte fjellsider, fossar og med vid utsikt over den smale fjorden.

Guiden deler historier om livet langs fjorden, stølsdrift og kulturminne, og du får oppleva eit område som er både naturskjønt og historisk rikt. Dette er ein moderat krevjande dagstur, der du går på sti med nokre bratte parti.

Turdetaljar:
Distanse: ca. 5 km
Stigning: ca. 250 høgdemeter
Tid på tur frå bil til bil: ca. 3 timar
Vanskegrad: Blå – lett til middels
Kort parti i ulendt terreng med hjelpegelender

Passar for: Frå 6 år og oppover
Varigheit: Ca. 6 timar inkl. transport frå og til Voss

Pris:
Vaksen: kr 3 190,-
Born (8–14 år): kr 1 990,-
Minstepris per tur: kr 6 380,-
Privat gruppe/familie: kr 9 570,-

Inkludert: Lokal guide, biltransport til og frå Stalheim, lett måltid av lokalprodusert mat, varm drikke og alt nødvendig sikkerheitsutstyr. Ekstra klede, sko og vandrestavar kan lånast kostnadsfritt.

Meir informasjon om turen finn du i bookinglenka.

Kilde: Destinasjon Voss