Ornes
Urnes stavkyrkje er den eldste i Norge, og står på UNESCO si verdsarvliste. Ho er bygd kring 1130, men dei spesielle utskjeringane på nordportalen kjem frå ei enda eldre kyrkje.
Kilde: Visit Sognefjord AS




Urnes stavkyrkje er den eldste i Norge, og står på UNESCO si verdsarvliste. Ho er bygd kring 1130, men dei spesielle utskjeringane på nordportalen kjem frå ei enda eldre kyrkje.
Kyrkja står høgt og fritt med utsikt mot Lustrafjorden slik den har stått sidan tidleg på 1100-talet. Men der den noverande kyrkja står er det funne spor etter etter ei anna kyrkje som skal vere bygd rundt 1050.
Vikingtida
Den særmerkte Urnes-stilen har namnet sitt frå Urnes stavkyrkje. Denne stilen er kjenneteikna ved flotte utskjeringar med svært høg kvalitet.
Vi ser stiliserte dyr i kamp, med kroppane samanfiltra. Dette er ein utløpar frå stilartene i vikingtida slik vi også kjenner dei frå runesteinar i Sverige og på dei britiske øyar. Inne i kyrkja er stavane i midtrommet utsmykka med rikt dekorerte søylehovud.
Urnes Stavkyrkje er open for besøk i perioden 02.05 - 30.09 mellom 10:30 og 17.45 kvar dag.
Kilde: Visit Sognefjord AS